– Vi har eit problem innan langrennssporten, seier Per Andersson til Sveriges Radio. – Det blir stilt stadig høgare krav til dei øvre luftvegane.
Han siktar spesielt til Tour de Ski, men også til det han kallar andre høgintensive tourar. Der er det få kviledagar og tilsvarande lita tid til restitusjon mellom konkurransane der det krevst maksimal yting.
– Må sjå på konkurranseprogrammet
Samstundes blir det fleire tourar også utanom Tour de Ski. Verdscupen har fleire mini-tourar, og siste sesong blei i tillegg avslutta med ein beintøff i Canada.
– Eg meiner vi må sjå på konkurranseprogrammet og gjere noko med det, seier Andersson.
Bruk av astmamedisin i toppidretten, ikkje minst i langrenn, er diskutert heftig dei siste månadene.
– Har ein drive med langrenn på toppnivå i mange år, har ein også ein auka risiko for å få astmaproblem, særleg blant dei beste, seier han.
Konfliktar
– Ser vi på det historisk, så ser vi ei utvikling der det er stadig fleire astmatilfelle blant toppløparane. Slik er det blitt.
Per Andersson ser at det er konfliktar mellom ulike interesser innan langrennssporten. Publikum skal ha sitt, og det er økonomiske interesser.
– Det finst konfliktar, men til sjuande og sist handlar det om at vi må ha friske og sunne utøvarar. Utan det kjem langrennssporten til å få det vanskeleg med å overleve.
No dreg den svenske landslagslegen parallellar med hjerneskadane i ishockey, ei utvikling som også er urovekkjande.
– Når vi ser ei farleg utvikling, må vi agere.