– Vi seier velkomen til folk, det er gammalt og slite, seier Jon Hærnes, medan han viser fram anlegget til NRK.
Han er leiar i Grüner idrettslag på austkanten i Oslo. Der kan ein folkefest som eit OL skal by på verke fjernt.
Anlegget er nemleg slite og forfalle, og pengar til oppgradering let vente på seg.
– Vi har erfaring med at dei gongene det dukkar opp store prestisjeprosjekt, som Bislett var og Holmenkollen var, så blir breiddeidretten sett på vent. Anlegg til born og unge kjem i andre rekkje, meiner Hærnes.
- Les også:
– Skrekkens eksempel
Lege og aktivist Mads Gilbert, som leia folkeaksjonen mot OL i Tromsø, har no teke turen til Oslo. Han sluttar seg til NEI-sida.
– Dette er eit skrekkens eksempel på at breiddeidretten lir i slagskuggen av dei store prestisjearrangementa, tordnar Gilbert.
På Oslo Rådhus tidlegare på dagen er derimot tonen langt lettare. Vålerenga sine fotball- og ishockeyspelarar blir tekne imot av ordførar Fabian Stang før dei skal førehandsstemme.
Vålerenga føler seg trygge på at deira klubb vil nyte godt av eit OL i Oslo.
Shampoo og Doffen positive
– Midlane som skal til for å få eit OL blir henta frå ein heilt annan stad, så eg vil ikkje tru at det vil gå utover noko anna, seier Espen «Shampoo» Knutsen, trenar for Vålerenga sine ishockeyherrar.
Midtbanespelar for fotballherrane i klubben, Kristofer Hæstad frå Kristiansand, er òg svært positiv.
– Det er ei unik moglegheit for denne byen å få eit løft, få oppgradert gamle arenaer og få ein del nye tilskot. Så det verkar å vere veldig spennande, sa «Doffen» Hæstad.
Byråd i Oslo, Ola Elvestuen (V), slår fast at breiddeidretten ikkje skal bli lidande.
– Det er mi oppgåve som folkevald å sørgje for at satsing på breiddeidretten skal vere der – uavhengig av olympiske leikar, slår Venstre-politikaren fast.