Watzke seier dette til Borussias nettside. Han ber alle klubbens tilhengarar om å gi alt for laget under kampen mot Monaco.
Kampen blei utsett etter bombeangrepet mot spelarbussen i går, og skal spelast i kveld.
– Det laget vårt har måtta tole dei siste timane, er uforståeleg. Vi bør alle hjelpe til med å kome over dette, seier Watzke.
Han åtvarar samfunnet mot å vike for terror.
– BVB-familien har alltid vore svært sterk i vanskelege situasjonar, men dette er den vanskelegaste vi har hatt dei siste tiåra. Eg er sikker på at vi vil vise oss like sterke og sameinte som alltid før, seier han.
BVB er forkorting for Borussia Dortmund.
– I dag skal vi ikkje spele berre for oss sjølve. Vi spelar for alle – enten det er Borussia, Bayern eller Schalke. Terror og hat må aldri bestemme våre handlingar.
– Og sjølvsagt spelar vi for Marc Bartra, som ønskjer å sjå sitt lag vinne, sa Dortmund-dirketøren.