NRK Meny

Mistenkt for å bombe Dortmund-bussen i håp om aksjegevinst

28-årig tysk-russar arrestert for angrepet på Dortmund-bussen.

Sikkerhetspoliti

IKKJE ISLAMISTISK TERROR: Angrepet på Dortmund-bussen var likevel ikkje islamistisk terror, meiner tysk politi.

Foto: Martin Meissner / AP

Tyske myndigheiter opplyser at politiet har pågripe ein 28 år gamal mann i etterforskinga av angrepet på Dortmund-bussen før meisterligamøtet med Monaco.

Det melder AP.

Politiet mistenker at mannen utførte bombeangrepet fordi han ville at Borussia Dortmunds-aksjeverdi skulle synke.

Dette fordi 28-åringen hadde gjort ein såkalla shorthandel.

Ifølgje pressemeldinga skal mannen ha solgt 15000 aksjer med avtale om å kjøpe dei tilbake på eit seinare tidspunkt. Skulle han tene pengar på desse måtte verdien på aksjen falle.

«Sergei W.»

Etter bombeangrepet blei det funne eit brev på åstaden, som knytta handlinga til terrororganisasjonen IS.

AP skriv at politiet tidleg tvilte på at brevet faktisk var forfatta av IS.

28-åringen, som både har russisk og tysk statsborgarskap, blei arrestert i Tübigen nær Stuttgart fredag.

Den mistenkte blir omtala med namnet Sergei W, og skal ikkje vere tilknytta terrororganisasjonar.

Politiet skal ha jobba tett med ekspertar på kvitvasking og mistenkelege pengeoverføringar, og obsevert den mistenkte i ei veke før han blei pågripen.

Dortmund-spelarane får psykologhjelp

Dortmund-spelaren Marc Bartra og ein politiman blei skadd i bombeangrepet. I ettertid har det komme fram at fleire av spelarane har nytta psykologhjelp etter den dramatiske hendinga.

– Eg vaknar kvar natt, sa lagets sveitsiske keeper, Roman Burki, til Der Bund, ifølgje AFP tidlegare denne veka.

– Plutseleg vaknar eg i terror. Då greier eg ikkje å sove igjen, og er bare lukkeleg over å vere heime i mi eiga seng, la han til.

Meiner buss-trøbbel øydela for avansement

Borussia Dortmund er ute av meisterligaen etter den turbulente perioden.

Allereie dagen etter bombeangrepet spelte Dortmund første utslagskamp i kvartfinalen mot Monaco, som enda med tap for tyskarane.

Etterpå blei det reagert sterkt på at Dortmund måtte spele så kort tid etter bombeangrepet.

Før returoppgjøret blei Dortmund-bussen stoppa på veg til stadion, og haldt igjen i over 15 minutt av sikkerheitsgrunnar, ifølgje trenar Thomas Tuchel.

Han meiner det var øydeleggande for Dortmunds sjansar til å revansjere 3-2-tapet frå første kamp. For Dortmund tapte 3-1 i returmøtet, og 6-3 samanlagt.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM friidrett lag
Friidrett
Prøve-VM fotball 2017: Mexico - Russland
Prøve-VM fotball 2017: New Zealand - Portugal
Prøve-VM fotball: New Zealand - Portugal
Prøve-VM fotball: Mexico - Russland
Prøve-VM fotball 2017
Prøve-VM fotball 2017
Prøve-VM fotball 2017: Mexico - Russland
Prøve-VM fotball 2017: New Zealand - Portugal
4-4-2 Eliteserien fotball: Vålerenga - Lillestrøm