– 16 blank. Kan det stemme?, spør NRKs kommentator Andreas Stabrun Smith.
– Nei, det må me sjekke etterpå, svarer skyteekspert Ola Lunde.
Dei offisielle resultata, også etter løpet, viser at det berre tok 16 sekund for Lars Helge Birkeland å stille seg opp og skyte fem treff i vindutsette Oberhof.
Til samanlikning var dagens nest raskaste skyteserie heile fire sekund tregare. Den var det kviterussiske Anton Smolski som stod for.
– Indre cowboy
– Lars Helge har ein indre cowboy som må ut i blant, og det tok han ut her i dag, seier ein imponert Johannes Dale.
Han stod på stadion og såg på Lars Helge Birkeland bruke 16 sekund frå han kom inn på matta til han var ute i løypa igjen. Sørlendingen trefte alle blinkane og veksla på førsteplass.
Dermed la han grunnlaget for det som skulle vise seg å bli ein knapp siger for det norske herrelaget som ikkje hadde ein einaste Bø-bror med på laget for første gong på fleire år.
– Det er heilt ekstremt imponerande, men det er forventa når det er Lars Helge på stafett. Han er kanskje den råaste stafettløparane av oss isolert sett. Det skjer noko med han når han kjem mann mot mann på førstetappen. Det er deilig å sjå. Lars Helge er tilbake, skryt Vetle Sjåstad Christiansen, som sjølv spurtslo franske Quentin Fillon Maillet på sisteetappen.
– Godt med ein opptur
Birkeland sjølv bruker ikkje like store ord, men smiler lurt når NRK ber han omtale den ståande skytinga.
– Eg kjente det var litt vind då eg stilte meg opp og tenkte at eg måtte ta blinken på første forsøk, og då går det fort, seier Birkeland.
Han klarer ikkje å komme på at nokon andre har skote fortare i konkurranse, og for hans eigen del er 16 sekund rekordraskt.
– Det er tangering av det raskaste eg har skote i konkurranse nokon gong. Det var full klaff det.
For Birkeland var dagens stafett ein solid opptur etter ein veldig dårleg sprint i går. Då vart det fire bom på liggande skyting og ein 66.-plass. Sørlendingen har slite med sjukdom, og måtte tole å gå IBU-cup før jul – cupen som er nivået under verdscupen. Om han ikkje går i verdscupen er sjansane også små for å komme med på VM-laget.
– Eg har hatt ein tung start på sesongen. Mykje har gått feil med to sjukdomsperiodar. Det er deilig å kjenne at mykje går riktig veg, og det er godt å kjenne at mykje går riktig veg i dag, seier Birkeland.
No håper 31-åringen at han får vise seg fram i Ruhpolding også, og at gode resultat der vil gje han ein plass på det norske stafettlaget i VM.
- LES OGSÅ:
Vil ikkje samanliknast med langrenn
Men å komme seg med på det norske stafettlaget er vanskelegare enn nokon gong. Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø ligg på første- og andreplass i verdscupen. Og Erlend Bjøntegaard, Vetle Sjåstad Christiansen og Johannes Dale har alle vist solid form så langt i sesongen.
Likevel er Birkeland med i diskusjonen på grunn av sine solide prestasjonar på dei fleste stafettar han er med på.
I dag vann både det norske kvinnelaget og det norske herrelaget sine stafettar, og dermed har dei norske laga vunne alle dei seks stafettane som har blitt arrangert denne sesongen. Men at dei norske skiskyttarane er like suverene som sine langrennskollegaer vil dei ikkje høyre snakk om.
– Du skal vere forsiktig med den der langrennssamanlikninga. Eg trur ikkje ein kviterussar har leia ein langrennsstafett nokosinne, og dei leia ganske lenge her i dag, seier Vetle Sjåstad Christiansen.