– Vi har skaffa oss såpass med sjølvtillit at vi veit det går an å slå ut Ajax. Men vi veit også at vi må levere ein kanonprestasjon på Lerkendal. Derfor er det viktig at «alle» kjem dit og fyrer opp og skaper den same stemninga vi hadde mot Celtic. Det gir oss mykje meir energi, seier Ingebrigtsen etter 1–0 over Ajax i Amsterdam torsdag kveld.
Returkampen i Trondheim går komande torsdag.
Han vedgår at han hadde meir tru på avansement før kampen i går enn under trekninga då Ajax blei motstandar.
– Eg hadde ikkje så sterk tru då, det kan eg berre innrømme.
Kjenner att sesongstart-problema
– Vi har analysert dei grundig, og vi kjenner oss igjen frå sesongstarten i vår. Dei er i sin sesongstart, og slit litt med relasjonar og samhandling. Det er ein fantastisk gjeng med fotballspelarar, men det tar tid å spele dei saman, seier Ingebrigtsen.
Ajax-laget som spela europaliga-finale mot Manchester United i mai, har mista både manager Peter Bosz og kaptein Davy Klaassen. No mister dei etter alt å dømme også sin colombianske forsvarsspelar Davinson Sanchez.
Klubben blei som Rosenborg slått ut i kvalifiseringa til meisterligaen, og tapte også serieopninga heime i Nederland sist helg.
– Men eg trur framleis presset er størst på Ajax, seier Ingebrigtsen.
– Var sikker på å score
Samuel Adegbenro blei kjøpt frå Viking tidlegare denne veka, og det var han som scora målet etter berre ni minutt i sin Rosenborg-debut.
– Det var ei enormt god kjensle å score i ein kamp som denne, seier han til NRK.
– Eg var sikker på å score då eg fekk ballen.
Anders Konradsen trur også sjansen til avansement er god.
– Ajax må fram, og vi kjem til å få rom. Så må vi vere like dyktige bakover. Analysane viste at Ajax er piggare i første omgang, og slik blei det også. Dei skapte nesten ingenting etter pause, seier han.