UEFA ber alle spelarar vaksinere seg
UEFA-president Aleksander Ceferin ber alle fotballspelarar ta korona-vaksinen så snart som mogeleg, men strekar likevel under at det er eit personleg val, iallfall inntil vidare.
UEFA skal lansere ein video, retta mot spelarane, der legar forklarar kvifor dette er nødvendig.
– Eg trur på legevitskapen, og eg er vaksinert, sa Ceferin på ein pressekonferanse torsdag.
Han sa at videoen ikkje berre vil fortelje om fordelane ved vaksinen, men også vise mogelege biverknader. Men han meiner uansett at alle har fordel av å bli vaksinert.
– Før eller seinare vil dei aller fleste forstå det, sa Ceferin.