Osakas trekking vekkjer reaksjonar
Naomi Osakas medieboikott og trekking frå Roland Garros-turneringa i kveld har ført til indring og reaksjonar frå mange kantar.
– Eg har hatt periodar med depresjon i tre år, sa verdstoaren då ho kunngjorde at ho trekkjer seg frå turneringa i Paris.
Ho grunngav det med at ho ikkje er i stand til å vere i sentrum for pressa si merksemd. Søndag fekk ho 15.000 dollar i bot og blei trua med diskvalifikasjon for å ikkje møte til ein pressekonferanse.
– Som utøvarar er vi vane med å ta vare på kroppen. Kanskje er vi ikkje like merksame på den mentale helsa, sa den tidlegare verdstoppen Martina Navratilova.
– Alle snakkar om mental helse etter at nokon tek sitt eige liv. Men den som prøver å verne om si mentale helse, blir latterleggjort. Du er sterk som står opp og snakkar om det, seier den vestindiske cricket-stjerna Carlos Barithwaite.
– Vi beklagar pog er lei oss for at Osaka trekkjer seg, seier den franske tennispresidenten Gille Moretton.
Naomi Osaka seier at ho vil ta ein pause frå tennisen inntil vidare.