Takka nei til ishockeyturnering
Norges ishockeyforbund vil ikkje delta i ei landslagsturnering i Tyskland i november.
Landslaget var invitert til den årlege turneringa saman med Tyskland og Latvia. Russland og Sveits trakk seg frå turneringa, og det var grunnen til at Norge fekk tilbodet.
– Vi har jobba hardt med å finne løysingar rundt reisebiten til spelarane, men klarte ikkje å få alt på plass med tanke på heimreisa for spelarane frå dei ulike ligaane i Europa, seier sportssjef Petter Salsten til NTB.