Han vil ikkje vere med på at denne blir nedprioritert, sjølv om Noreg ikkje sender full kvote til konkurransen.
- Vi kunne heilt sikkert ha fylt kvoten med løparar som er villige til å gå, men det har ingen hensikt. Dei vi sender, har kapasitet til å kjempe høgt oppe, sa Djupvik på pressekonferansen før avreise.
Forfall frå Eilifsen
Sju løparar var uttekne, men Morten Eilifsen vart forkjølt i julehelga og har valt å bli heime. Dermed stiller Noreg med seks løparar i klassen for menn og like mange kvinner.
I kvinneklassen har Marit Bjørgen og Vibeke Skofterud valt å stå over for å førebu seg til VM. Kristin Størmer Steira står også over, men det skuldast skade.
- Alle som er med, har i lang tid vore innstilt på å gå Tour de Ski, sa Djupvik.
Landslagstrenaren sjølv skal ikkje vere med til Mellom-Europa i år. Han skal bli far i nær framtid, og valde å bli heime. - Det kjem til å bli verre å sitje å sjå renna på TV enn å vere til stades, sa Djupvik, som trur at fleire enn Petter av dei norske kan kome på pallen.
- Likar mange renn på kort tid
Astrid Uhrenholdt Jacobsen er blant dei som ser fram til Touren, og som ikkje trur det hemmar VM-formen.
- For meg passar det godt å gå mange renn på kort tid, så dette gleder eg meg veldig til, sa Jacobsen på pressekonferansen.
- Men sjølvsagt er VM på heimebane det aller største denne sesongen, la ho til.