Gerd Brantenberg

Ho levde som kriminell

Mann ved eit tre

Han sa ja til å bli frisk ved bøn

To menn i badekar

Men har i ettertid representert dei skeive

Pride flagget heist utenfor Stortinget for første gang

Å vokse opp som ung homofil før og nå

Hemmeleg møte på 60-talet gav ho trua på livet

Dette er historia om det å vokse opp som homofil i Noreg. Fortalt av to ulike menneske.

Frå to forskjellige generasjonar.

Gerd Brantenberg er 80 år. Nils Bech er 41 år. Dei har nok sett «styggen på ryggen» ikkje hos seg sjølv, men hos alle dei som lar fordommar krype under skinnet sitt.

«Homoseksuelle må betraktes som syke»

Gerd Brantenberg er velartikulert og kjapp i replikken. Ho er akkurat slik ein førestiller seg at ei føregangskvinne skal vere.

Brantenberg er i dag ein vaksen kvinne, men som ung stod ho i bresjen, saman med blant andre Kim Friele for at homofile skulle få dei same rettane som heterofile.

Dette var i ei tid da det å vere homofil var underlagt eit enormt hemmeleghald.

Der seksuell omgang mellom menn var forbode.

Der homofile var rekna som sjuke, og sidestilt med sadistar.

Utdrag frå boka "forplantningslære for bruk i Gymnasiet"

Utdrag frå boka «Forplantningslære til bruk i gymnaset» av Trygve Stabrun. Boka kom ut i 1948.

Foto: Faksimimile

Abnormitetar var ordet i lærebøkene.

Pornoblad var openberringa

Nokre år etter, nærmare bestemt på 80-talet voks Nils Bech opp.

Det var ikkje lenger kriminelt med sex mellom to menn, men haldningane frå Gerds tid skulle vise seg å sitte i lenge.

Som feminin gut utfordra han – allereie i barnehagen – normene i samfunnet. Mobbing vart ein stor del av kvardagen på barne- og ungdomsskulen.

– Barna brukte homo og «femi» som skjellsord. Til og med før eg visste at var homofil.

Da han som 14-åring fann eit pornoblad innsåg han det. Han likte gutar.

– Da tenkte eg at det var heilt krise. Og så gjorde eg alt eg kunne for å bli forelska i jenter.

Han skulle seinare bli den fyrste norske artisten som syng om «han». Men fyrst skulle han gjennom mange år i skam.

Mykje er ulikt, men ein del er også likt mellom han og Gerd Brantenberg

Nils Bech

Artist Nils Bech reflekterer over ungdomstida.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Kvar var dei homofile?

Som fersk student på Blindern følte ho seg aleine.

For fanst det andre homofile, og kvar var dei?

– Vi måtte skjule legninga vår for våre medstudentar. Ein kunne bli tvunge inn i ei djup einsemd og skam i den grad det vart nemnt, fortel ho.

«Er ikkje ho litt sånn?» med trykk på sånn.

Slik beskriv Brantenberg måten folk snakka om homofile på.

Mystiske adresser

Eit lukketreff var det da ho såg ei intervjubok med ei rekke anonyme homofile, skrive av Finn Carling. For å finne ut korleis ho kunne kome i kontakt med dei skreiv ho eit brev til Carling.

Ho fekk til svar at ho måtte sende brev til postboks 1305 i Vika i Oslo. Dette var adressa til Forbundet av 1948, Noregs fyrste organisasjon for homofile.

Men for å treffe desse unge homofile måtte ho kjenne nokon som kunne anbefale ho.

– Det var jo ei sjølvmotseiing. For eg kjente jo ingen. Planen vart derfor at eg skulle møte nokon i styret fyrst, slik at dei kunne få eit inntrykk.

Ei eldre dame står i ei trapp med bokhyller i bakgrunnen

Gerd Brantenberg er forfattar, homoaktivist og kvinnesaksforkjempar

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Hemmeleg møte med Kim Friele

Ho og ei venninne fekk beskjed om å møte opp på Kafé Møllhausen i Oslo – på eit bestemt tidspunkt på ein fredag med eit Dagbladet under armen.

Der møtte dei to damer. To alminnelege kontordamer, men med heilt ualminneleg agenda.

– Det var veldig spennande, fortel Brantenberg i dag.

Dei to damene skulle vise seg å vere Kim Friele og Else Askeland.

– Vi hadde ein prat. Dei fekk eit inntrykk av oss. Om tre veker kunne vi kome på eit av møta som Forbundet arrangerte.

Damer i mannsklede

Etter å ha nøye følgt vegbeskrivinga kom Gerd Brantenberg endeleg til lokalet til Forbundet – nemleg Ormsund Roklub. Det var der dei samla seg.

– Det var ein stor befrielse å kome dit. Her trefte ein folk frå alle samfunnslag, og det var svært berikande, opplyser Brantenberg.

Her var det damer i mannsklede, det var damer i dameklede og det var menn med slips og dress.

– Dei fleste var eldre enn meg og eg lærte mykje. Ein fekk eit eige liv, og ein veldig styrka identitet. Det var heilt uvurderleg.

Gerd Brantenberg og kjærasten

Gerd Brantenberg (t.h) er i dag kjærast med svenske Ann Jacobsen.

Den fyrste homoaksjonen

To år seinare skulle ho stå bak den fyrste homoaksjonen på Blindern. Det heile starta da ein pen, hyggeleg mann kom bort til ho på Klubben (Ormsund Roklub). Han heitte Anders, og hadde ein teori om at det måtte da finnast fleire homofile på Blindern.

«Det må vel vere minst 500 av oss», sa han til Gerd.

Dei bestemte seg for å gjere noko med det. På kontoret til Kim Friele trykte dei rosa løpesetlar.

«Til den homofile student» sto det på lappane, med oppfordring om å vende seg til Forbundets postadresse.

Men fyrst søkte dei audiens hos universitetsdirektør Trovik. Han hadde ikkje peiling på kvifor dei kom.

– Vi fortalde at det var viktig for studentar å ha ein trygg plass å vere. Han vart overraska, eg trur dette var framandt for han.

Men han nikka, og sa ifølgje Brantenberg:

«Viss de trur at dette er ei viktig sak så gir eg grønt ljos til det»

Sjå flygebladet under:

Løpeseddel frå den fyrste homoaksjonen på Blindern

Flygebladet som Gerd Brantenberg og kompisen Anders fekk trykt opp på kontoret til Kim Friele.

Foto: SKA/A-0033 Løvetann / Skeivt arkiv

– Det var reine krimmen

Operasjonen vart utført på kvelden. Gerd skjulte seg i ein regnfrakk, ssjølv om det ikkje regna. Anders såg ut som sjølvaste Sherlock Holmes i frakk og kaps.

– Vi hadde store bunkar med løpesetlar under frakkane våre, og så slang vi dei lyseraude lappane der vi såg moglegheita for det.

– Vi var som to skuggar som lista oss forbi. Det var reine krimmen, humrar Brantenberg.

Aksjonen vart ein suksess. Dei lukkast med å få fleire studentar med. I tillegg vart dei kontakta av Dagbladet som ville lage oppslag på det dei hadde gjort.

– Det var avantgardistisk å skrive om oss på dette tidspunktet.

– Da vi kom på neste klubbmøte så var dei så rørte og takknemlege for at vi hadde turt å gå til Dagbladet. Vi stod ikkje fram med fullt namn, men likevel var dei veldig stolte av oss.

Brantenberg fortel at medlemma i Forbundet var spesielt glade for at Gerd og Anders hadde gått opp i Dagbladets redaksjon og sagt at dei var homofile, og attpåtil sagt noko fornuftig etterpå.

– Homofile var jo som regel framstilt som galningar. Som idiotar. Nå vart vi møtt med jubel.

Bech: – Heile meg knakk

Nils Bech var ungdom berre eit tiår etter homoparagrafen vart oppheva. Men å vokse opp i skuggen av loven har vore alt anna enn jubel.

Mann ved busk

Nils Bech er oppteken av å snakke om konverteringsterapi da regjeringa vil forby konverteringsterapi.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Å fjerne ein strafferamme der sex mellom menn var sidestilt med å ha sex med dyr, gjer noko med det etiske, men også det empatiske kompasset til folk, seier Bech.

Uansett kvar han snudde seg var det å vere skeiv forbundet med noko negativt. Da han som 19-åring skulle fortelje bestevenninna si at han likte gutar, var det nesten så han svima av.

Det vonde som slo rot inni han kunne få ein slutt om han lét seg lækje ved bønn. Det var i alle fall det han vart fortald. Han sa ja.

Det skulle prege han til den dag i dag.

– Det var som om heile meg knakk. Og eg har brukt heile mitt vaksne liv på å bygge det opp igjen.

– Stor avvising

Over 20 år er gått, men framleis sit hendinga i han. Bech beskriv det som om det var noko som vart øydelagt i han.

– Heilt fram til i år har eg skamma meg over at eg ikkje var sterk nok til å seie nei til det, fortel han.

Samtidig som dette skjedde stod han fram til foreldra sine. Det tok 10 år før han torde å kome heim med kjærasten sin.

– Eg opplevde det som ei stor avvising som eg kan kjenne har ein effekt på meg enda.

– I kjærleiksrelasjonar brukar eg lang tid på å bli trygg. Eg må aktivt jobbe med sjølvverdien.

Bidrog til vendepunktet

Mykje av dette har han delt i songane sine. Mange hugsar korleis framføringa hans i serien «Skam» fekk Isak til å oppsøke Even.

Resten er historie:

Even og Isak finn styrka til å vere saman

Even og Isak finn styrka til å vere saman

Det var eit vendepunkt i norsk TV og film.

Fram til då var det svært få norske seriar eller filmar som viste homofil kjærleik. Også i musikken har det vore ein mangelvare på representasjon.

Der har Nils Bech – igjen – brote normer. Låten «Jeg elsker han» er mest sannsynleg fyrste norskspråklege songen som tydeleg er ein kjærleikssong til ein mann.

– Aldri sett ei homofil kjærleikshistorie

For nokre månader sidan gav han og rap-artisten EMIR ut singelen «Gi meg tid». Det er fyrste gong at ein heterofil gut har gestalta ei rolle i ein homofil kjærleikshistorie.

I haust gir Bech ut eit album beståande av duettar mellom menn. Han er truleg den fyrste artisten i Europa, og kanskje også i verda, til å gjere nettopp det.

– Eg vil at folk skal kunne skru på radioen og så er det ein kjærleikssong der det er tydeleg at to menn syng til kvarandre, opplyser han.

Nils Bech meiner han framleis har til gode å sjå skeive representasjonar i kulturen. Det handlar om å formidle skeive historier, og få dei spreidde utover.

– Eg har sett mykje teater, men det er sjeldan eg ser homofile karakterar. Eg har sett mykje samtidsdans, men eg har aldri sett ei homofil kjærleikshistorie i dans.

Og fram til eg sjølv lanserte duettprosjektet mitt så hadde eg aldri høyrt ein song om homofil kjærleik på radioen, legg Bech til.

Større aksept

Den innstillinga har også Gerd Brantenberg hatt. Også ho skulle vere banebrytande i kulturen.

For året etter homoparagrafen vart oppheva skulle Brantenberg representere noko heilt nytt i samtida.

32 år gammal, og med debutromanen «Opp alle jordens homofile» var ho den fyrste opne homofile forfattaren som skreiv om homoliv og verkelegheit.

Ifølgje Nils Bech er det større aksept for skeive kulturuttrykk i dag enn før.

Han trekker fram Lil Nas X, og ikkje minst norske Ramon som tør å synge om sine forelskingar i gutar.

– Det er trist, men sant at det er ein grunn til at det ikkje skjedde for 10–20 år sidan.

Nils Bech - Øyafestivalen 2013

Nils Bech på Øyafestivalen.

P3LIVE: Ramón - 17.mai

Ramon er ein av få mannlege artistar som syng om «han».

Hvilken kjent countrystjerne synger med Lil Nas X?

Den amerikanske rapparen ein av få rapparar som er open skeiv.

Homsebar og motstand

Både Nils Bech og Gerd Brantenberg fann seg sjølv i det skeive miljøet.

For Nils Bech var det lettare å kome i kontakt med folk enn Brantenberg – sjølv om han måtte gå «via-via».

– Det var ekstremt viktig for meg. Og utruleg fint å ha nokon å relatere til, og som kom med råd, seier Bech.

Éin synleg forskjell er likevel homsebarane som ikkje fanst da Gerd var ung, men som Nils og andre unge skeive i dag kan møtest og ha det moro på.

– Eg pleier å seie at eg går berre på to barar, og det er London og Bar Robinet. Eg elskar kjellaren på London. Der får du heile sjangeren av skeive på ein plass, fortel han lystig.

Ei eldre dame i ein raud skinnstol og mørk bakgrunn. Ho ser vekk frå kameraet.

Gerd Brantenberg minner oss på at vi framleis må jobbe for at alle skal ha det bra.

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Brantenberg trur at den store forskjellen på å vokse opp som ung homofil da kontra nå fyrst og fremst er tausheita.

Men det er veldig viktig å understreke at mange av dei fordommane og motstanden kan til dels vere dei same i dag som den gong. Det kjem an på miljøet ein er i.

Trass i at det har gått 50 år så er det veldig mykje uvisse og motstand.

Du kan sjå Gerd Brantenberg og Nils Bech i programmet «Lovlig skeivt» på NRK 1 torsdag kl. 19.45 og når du vil i NRK TV.

Les også Hvor er alle lesbene?

Portrett Maiken Schjøll Frisch