Hopp til innhold

Vipers-sjefar tek sjølkritikk i sjikanesaka: – Siste ord er kanskje ikkje sagt i denne saka

Vipers har fått kritikk for å ha handtert sjikanesaka for dårleg. Styreleiaren seier at omdømmet kjem først og at siste ord i saka kanskje ikkje er sagt.

Rune Nomeland, styreleder i Vipers

Styreleiar i Vipers Rune Nomeland seier siste ord kanskje ikkje er sagt i sjikanesaka i handballklubben.

Foto: Tom-Richard Hanssen Olsen / NRK

– Vi er ein klubb som er rigga for idrett. Situasjonen vi har komme opp i, har vore tøff for oss også, seier styreleiar i Vipers Rune Nomeland.

Det har storma rundt verdas beste handballklubb dei siste vekene.

Marknadssjefen i klubben, Christer Paulsen, skreiv sjikanøse kommentar om ein Byåsen-spelar og laug om at han hadde vorte hacka.

NRK har snakka med fleire sponsorar som meiner klubben har handtert saka dårleg.

NRK veit også at fleire framleis er usikre på om dei vil halde fram som sponsorar.

Bli Vakker har allereie varsla at dei ikkje vil forlenge avtalen med klubben.

Les også Avslutter samarbeidet med Vipers etter sjikanøse kommentarer

xbB_AWQBWp4

– Valde å sjå på Christer som menneske

I etterkant av dei sjikanerande meldingane har både styreleiaren og dagleg leiar i Vipers fleire gonger sagt nei til å stille til intervju med NRK.

Men tysdag stilte begge opp og erkjente at klubben kunne ha handtert saka betre.

Sjølv om det gjekk tre døgn før sals- og marknadssjef Christer Paulsen innrømte at han laug om at han hadde blitt hacka, valde styret i klubben å gje han ny tillit.

– Vi valde å sjå på Christer som menneske og at vi hadde rom for han i klubben, seier styreleiar Nomeland.

– Kva signal sender då styret til kvinner spesielt?

– Vi tek sterk avstand frå det som har blitt kommunisert i desse meldingane. Det er verken noko vi som klubb eller menneska i og rundt klubben står for.

– Kva inntrykk etterlet styret seg etter denne saka?

– Det er klart at vi som styre kan ha behandla saka feil. Det må vi evaluere undervegs, seier han.

Les også Innrømmer å ha løyet om melding: – Unnskyld

Christer Paulsen

– Omdømmet kjem først

Når det gjeld kritikken fleire sponsorar har retta mot klubben på grunn av handterningen av saka, seier Nomeland at dei held kontakt med sponsorane fortløpande og at dei jobbar kontinuerleg for å gjenreise tilliten.

– Er ein sals- og marknadssjef viktigare enn omdømmet til klubben?

– Omdømmet til klubben kjem sjølvsagt først.

– Kvifor tek ikkje styret sterkare grep?

– Styret har teke grep heile tida og siste ord er kanskje ikkje sagt i denne saka.

– Kan det bety at sals- og marknadssjefen blir løyst frå sine oppgåver?

– Det har vi på noverande tidspunkt ikkje nokon kommentar til, seier Nomeland.

Fryktar ikkje sponsorflukt

Dagleg leder i Vipers Kristiansand Per Geir Løvstad seier til NRK at dei kan ha vore litt for naive i starten av denne saka.

Han seier dei no jobbar med tiltak slik at dei skal vere betre budde når slike type saker kjem.

– Slik at vi kan svare betre for oss og ikkje gøyme oss, slik vi kanskje har gjort til dels, seier han.

– Har de gøymt dykk?

– Årsaka er at vi ikkje har ynskt å gå ut er at vi ikkje har hatt noko nytt å tilføye i saka. Då har vi ikkje sett nokon hensikt i å stå fram. Så har vi fått innspel om at det kanskje ikkje var det smartaste trikset frå vår side, seier han.

– Forstår de at det kan skape ytterlegare spekulasjonar?

– Det har vi sett. Saka stoppar jo ikkje for det, seier han.

Per Geir Løvstad

Dagleg leiar i Vipers Kristiansand, Per Geir Løvstad, seier klubben skal evaluere korleis dei har handtert saka rundt marknadssjefen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Paulsen svarar ikkje

NRK har også i fleire dagar forsøkt å få eit intervju med marknadssjef Christer Paulsen, som skreiv dei sjikanøse kommentarane.

Men han har ikkje svart på verken telefon eller SMS.

– Vi har valt at det er leiinga som skal uttale seg i denne saka, seier Løvstad.

Torsdag skal Vipers i nytt møte med hovudsponsor DNB.

Då må klubben legge fram tiltak som sponsoren har kravd.

– Det er tiltak for å unngå sjikanering og få betre fram klubben sine verdiar og den type ting, seier han.

DNB seier følgjande om torsdagens møte.

– Vi har stilt våre krav. No skal klubben få sjansen til å jobbe med tiltaksplanen og sine eigne rutine. Utover det har vi ikkje fleire kommentarar.

Katrine Lunde: – Ei tøff sak

Søndag møter Vipers nettopp Byåsen i eliteserien.

I denne kampen får Vipers-spelarane utdelt gullmedaljar og får løfte eliteserietrofeet for sjette gang.

Då kjem også Byåsen-spelaren, som vart kalla «ho feite», av marknadssjefen.

Klubben vurderer no om Paulsen skal vere på kampen, som han pleier.

– Det er ikkje avgjort endå, seier Løvstad.

Paulsen leiar normalt sponsortreff før heimekampane. Løvstad seier det ikkje blir noko sponsortreff før denne kampen.

Vipers-keeper Katrine Lunde, som også sit i styret i klubben, seier det heile er ei trist sak.

– Det er vanskeleg å skulle evaluere dette, men det er ei tøff sak. Det er mange menneske involvert. Det er ikkje alltid like lett å vite korleis ein skal gjere det riktig frå start av. Styret har prøvd å evaluere etter kvart og sjå korleis ein kan bli best mogleg. Så må ein heller lære av det når ein ikkje har lukkast på alle område, seier ho.

Vipers gull

Vipers Kristiansand har vunne både serie og cup denne sesongen. Søndag får dei utdelt medaljar for seriegullet. Då møter dei Byåsen.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 08 1,96 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5 %