NRK Meny
Normal

Vilhjálmsson: – 50 prosent sjanse for at eg blir i Start

Start-spissen Matthias Vilhjálmsson stadfestar at han har fått eit tilbod frå ein russisk klubb. Framtida hans vert avgjort dei neste dagane.

Matthias Vilhjalmsson

Matthias Vilhjálmsson stadfestar at han er i dialog med ein russisk klubb.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Sjansen er femtifemti på om eg blir i Start eller om eg reiser, seier islendingen til NRK.

Truleg er det den russiske klubben Ufa som har gitt spissen eit kontraktstilbod.

– Start har takka ja til eit bod og eg har fått eit tilbod frå klubben. Det er mange negative og positive ting med dette tilbodet. No skal eg reise heim til Island og prate med familien. Dei er dei viktigaste for meg, seier han.

– Trivst godt på Sørlandet

Dermed kan tapet for Tromsø på Alfheim vere det siste Start-fansen har sett av Vilhjálmsson i gult og svart for denne gang.

– Eg må bestemme meg i løpet av dei neste dagane. Vi får sjå kva det blir til, seier han.

– Er det så spennande at det vil vere vanskeleg å takke nei?

– Sjølvsagt. Du reiser ikkje verda rundt viss du ikkje får pengar. I tillegg er det ein sterk liga. Det er veldig spennande. Men det er ein del negative ting også. Eg trivast veldig godt i Start. Det er ein klubb med enormt potensial, og eg trivst veldig godt på Sørlandet, seier han.

Håpar å behalde Vilhjálmsson

Mons Ivar Mjelde

Start-trenar Mons Ivar Mjelde.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Start-trenar Mons Ivar Mjelde håpar naturleg nok at han får behalde 28-åringen som har scora sju mål denne sesongen.

– Som trenar håpar du alltid at du får behalde dei gode spelarane. Samstundes har spelarar lyst til å komme vidare i karriera. Då må vi ynskje dei lukke til på den vidare ferda, seier han til NRK.

– Eg håpar eg har eit sterkast mogleg mannskap i haust også. Vi er i ferd med å gjere ein god jobb i forhold til å berge eliteseriekontrakta og komme i økonomisk balanse, seier Mjelde.

Trenaren vil ikkje svare på om han fryktar å starte haustsesongen utan både islendingen og stortalentet Kristoffer Ajer.

– Eg har ingen kommentar til det. Eg veit ingenting. Framtida får vise kva som skjer, seier han.