Hopp til innhold

Vil verne tjern for å bevare damfrosken

For nokre år sidan var det berre 20 av desse froskane igjen i Noreg. No ynskjer Statsforvaltaren å verne to tjern i Arendal for å hjelpe den utryddingstrua arten.

– Noreg har ikkje mykje damfrosk igjen. Desse tjerna er viktige for framtida til denne frosken, seier seniorrådgivar Gry Gasbjerg Engemyr hos Statsforvaltaren i Agder.

Dei ønsker nå å verne vatna Paddetjern og Iletjern i Arendal kommune for å ta vare på damfrosken.

Trass i omfattande søk er frosken berre funne i desse to små tjerna, og ingen andre stader i Noreg.

Damfrosk

Damfrosken blei første gong registrert i Noreg i 1986.

Foto: Ole Martin Buene

Roar Solheim er zoolog ved Universitetet i Agder. Han seier mykje tyder på at damfroskane som finst i Arendal er ein liten restbestand av noko som har vore der sidan det var varmare i Noreg.

– Sidan det er så få av dei er det viktig å bevare dei få stadene og den vesle bestanden som er der, seier Solheim.

Paddetjern og Iletjern er viktige våtmarksområder som har stor verdi som leveområde for damfrosk.

Paddetjern og Iletjern i Arendal er viktige våtmarksområde som har stor verdi som leveområde for damfrosk.

Foto: Statsforvalteren i Agder

Var berre 20 igjen

For seks år sidan var det berre 20 vaksne damfroskar igjen i Noreg.

Situasjonen blei sett på som såpass kritisk at det blei sett i gang ein aksjon for å redde arten frå utrydding.

Da gjekk Dyreparken, Miljødirektoratet, Fylkesmannen og Universitetet i Agder saman om eit avlsprosjekt for damfrosken.

Seks froskar blei henta frå éin av dei tre dammane froskane lever ved og tatt med til Dyreparken i Kristiansand.

Der blei dei sette i ein tilrettelagd avlsstasjon. Målet var at seks froskar skulle bli til fleire.

Dette bar frukter og ein hadde plutseleg 25 småfroskar.

Les også Dette er Norges mest utrydningstruede dyr

Damfrosk

Utbygging er ein trussel

Ifølgje ekspertane er det i hovudsak fisk som er i tjerna der frosken lever, som er problemet for arten.

Zoolog Roar Solheim seier at blant anna vårflaum har ført til at fisk, særleg aure, har kunna svømme inn.

Zoolog Roar Solheim.

Zoolog Roar Solheim ved Universitetet i Agder seier det ikkje er lett å vite korleis damfrosken fungerer i økosystemet.

Foto: Miriam Grov

Utbygging og inngrep i naturen er ein annan stor trussel.

– Dersom tjerna blir verna vil det sikre mot utbygging og inngrep som øydelegg naturen rundt, seier Solheim.

Er i dialog med grunneigar

Gry Gasbjerg Engemyr hos Statsforvaltaren fortel at tjerna som dei har søkt om å verne i dag ikkje blir brukte til anna enn friluftsliv og turområde.

– Kva konsekvensar vil ei eventuell verning få?

– Da vil det bli naturreservat og det vil bli nokre restriksjonar, men ikkje noko folk vil legge veldig merke til. Det kan for eksempel ikkje byggast ut, seier Engemyr.

Les også Kristiansand har bygget ned mest natur i Norge

Nytt kryss på E39 sørover, Grauthelleren

Statsforvaltaren har starta ein prosess med grunneigar.

Forslaget er også sendt ut på høyring med frist 10. mai, slik at dei som ynskjer kan komme med innspel.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %