Hopp til innhold

Vil ikkje opna opp akuttkirurgien i Flekkefjord no

Administrerande direktør ved Sørlandet sjukehus ynskjer ikkje å opne opp akuttkirurgien i Flekkefjord no. Det kjem fram i ei innstilling, som styret skal diskutere neste veke.

Sørlandet sykehus Flekkefjord

Akuttkirurgi og traumemottak vart mellombels flytta frå Flekkefjord til Kristiansand sommaren 2022

Foto: Lars Eie / NRK

Akuttkirurgi og traumemottak vart mellombels flytta frå Flekkefjord til Kristiansand sommaren 2022. Årsaka var mangel på spesialistar innan kirurgi.

– Vi har ikkje bemanning til å opne opp akuttkirurgi no, men vi ønsker å flytte meir planlagt kirurgi dit, seier administrerande direktør i Sørlandet sjukehus Nina Mevold.

Ifølgje sjukehusleiinga har dei ikkje lykkast med å rekruttera kirurgar til sjukehuset.

Mevold meiner derfor behandlinga i Kristiansand bør halda fram.

Ho understrekar at sjukehuset i Flekkefjord framleis er og vil vera eit akuttsjukehus.

– Sjukehuset er, og vil vera ope 24 timar i døgnet, sju dagar i veka. Sørlandet sjukehus treng alle tilsette og alle kvadratmetrane ved dei tre somatiske sjukehusa våre, seier Mevold i ei pressemelding.

Ber sjukehuset leggja ny strategi

– Når utfordringane er så store som dei er, skjønner me ikkje heilt at leiinga ikkje er villig til å prøva andre modellar, som ikkje nødvendigvis løyser alle problem, men som kan løysa nokon.

Det seier leiar i aksjonsgruppa «Bevar Flekkefjord sjukehus» Sigmund Kroslid.

Han har ikkje gitt opp håpet om at akuttkirurgien og traumemottaket ein dag skal opne opp igjen.

Han meiner at hovudfokuset til leiinga bør vera å leggja ein annan strategi for korleis ein skal rekruttera til sjukehuset.

– I verste fall betyr dette slutten for akuttkirurgien, men me håpar at leiinga er villig til å prøva noko av det som me har spelt inn. Her må ein vera kreativ for å rekruttera, seier Kroslid.

Sigmund Kroslid,

Sigmund Kroslid har ikkje gitt opp håpet om at akuttkirurgien og traumemottaket ein dag skal opne opp igjen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

40.000 mista tilbod

40.000 menneske i Lister-regionen mista tilbodet om akuttkirurgi på sjukehuset, då avdelinga vart flytta til Kristiansand sommaren 2022.

Sjukehusleiinga seier dei over tid har slite med å rekruttera folk til akuttfunksjonane.

Leiinga har lyst ut stillingar jamleg det siste året, men ifølgje Mevold har det ikkje vore nokon kandidatar som kan tilsetjast i stillingane.

Mevold har peikt på at det er eit nasjonalt problem å få rekruttert kirurgar.

Flekkefjord sykehus

40.000 menneske i Lister-regionen mista tilbodet om akuttkirurgi på sjukehuset, då avdelinga vart flytta til Kristiansand sommaren 2022. 

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Fakkeltog for sjukehuset

– Me mobiliserer for fullt. Me ønskjer å bidra til at sjukehuset skal lykkast, seier Kroslid.

Aksjonsgruppa arrangerer ei markering for å bevara akuttkirurgien ved Sørlandet sjukehus i Flekkefjord 12. desember.

Dagen etter markeringa, den 13. desember, skal styret i SSHF bestemma kva som skal skje med akuttkirurgien.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1,1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %