– Det er fleire dagsturistar som besøker øya nå. Det merkar vi veldig godt etter gratis ferje, seier Arild Nilsen.
Han er ein av innehavarane til Matkroken, som er éin av dei to matbutikkane på øya.
I august i fjor blei det innført gratis ferje på fleire strekningar i Noreg.
Aukande trafikk og turisme
Frå januar og til og med april i fjor blei det registrert 42.000 bilar på ferja på Hidra. I same periode i år blei det registeret 48.000 bilar.
Det er sommaren som er sesong for turisme på øya, men dei tala er ikkje klare.
Gratis ferje fører til meir dagsturisme, meiner bebuarane på Hidra.
Foto: NRK– Auken er positiv for butikkane og turistattraksjonane her, seier Arild Nilsen.
– Kan det bli for mykje turisme?
– Nei, ikkje for min del. Eg har ikkje høyrt andre klaga på det heller, men nokon vil kanskje seie det er for mange, seier Nilsen.
Han meiner gratis ferje også betyr mykje for fastbuande på øya, og håpar fleire vil flytte til øya nå.
Turistmagnet
Øya har om lag 550 fastbuande, men om sommaren auka innbyggartalet til om lag 2500.
Dagleg leiar for Smaabyen Flekkefjord Frode Johannessen, meiner Hidra er ein av dei største turistmagnetane vest i Agder.
– Gratis ferje betyr også at det er enklare for dagsturister å komme ut her, seier han.
Hågåsen er ein av toppane på øya som er godt besøkt av dagsturister.
– Hågåsen er kanskje er den største turistmagneten. Der er det utsikt over Nordsjøen og mykje historie frå andre verdskrig. Det er mellom 15.000 til 20.000 besøkande årleg, fortel Johannessen.
Frode Johannesen er fornøgd med at besøkstala aukar.
Foto: Lars Eie / NRKSparer hundretusen
Arild Nilsen hos Matkroken har også firma i sentrum av Flekkefjord på fastlandet. Seks tilsette som bur på øya pendlar til, og da er det også ein fordel med gratis ferje.
– Eg sparer sikkert eit par hundre tusen i året med gratis ferje for tilsette, seier han.
Arild Nilsen merkar at dagsturismen aukar.
Foto: Lars Eie / NRK