Hopp til innhold

Vil ha båtføraropplæring på skulen

– Vi ser stor mangel på forståing for det som skjer på sjøen, seier Stortingsrepresentant Svein Harberg (H). No vil han ha båtføraropplæring som valfag.

Høyres Svein Harberg vil ha båtføreropplæring inn i skolen.

Høyr intervju med stortingsrepresentant Svein Harberg (H) og Olaf Trysnes ved Kystleirskolen i Tvedestrand.

– Eg meiner det er på høg tid å opne for det. I alle fall i område der det vert brukt mykje båt om sommaren, burde dette vere ein del av tilbodet skulen gjer, seier Harberg til NRK.

I dag er det berre opplæring til køyretøy som kan veljast som valfag på skulane.

– Om det er moped eller ei jolle kan ikkje vere avgjerande. Kunnskap og krav til dei som skal vere på sjøen tykkjer eg vi skal diskutere ope. Det er i ferd med å bli ei utfordring korleis folk oppfører seg på sjøen, seier han.

Svein Harberg

Svein Harberg er Aust-Agder Høgre sin toppkandidat til årets stortingsval.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Vil ha meir praksis

Han peikar blant anna på større og raskare båtar, som er vanskelegare å styre som ein av grunnane til at han vil ha opplæring på skulen.

I tillegg meiner han det må inn meir praktisk opplæring.

– Eg trur ein må vere på sjøen for å lære og føle. Då må skulane samarbeide med nokon som kan få inn den praktiske biten. Eg veit også at det er skular som er klar til å sette i gang, seier han.

Den teoretiske båtførarprøva vart innført i mai 2010. Stortingsrepresentanten får støtte av Olaf Trysnes ved Kystleirskolen i Tvedestrand, som også har laga teoriboka til båtførarprøva.

– På rett veg

Han helsar skuleopplæring velkommen og vil stramme inn den allereie eksisterande båtførarprøva.

I dag må alle som er fødde etter 1. januar 1980 ha båtførarbevis for å føre fritidsbåtar med lengde over åtte meter eller med motor over 25 hestekrefter.

– Båtane vert raskare og eldre båtførarar er faktisk i ferd med å bli så rike at dei får hurtiggåande båtar som er noko heilt anna enn for 10–15 år sidan, seier han.

– Men at ein stiller krav til båtførarane, særleg dei yngste først og fremst, tykkjer eg er eit godt skritt framover. Vi er på rett veg om vi får dette inn i skulen, meiner han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %