Hopp til innhold

Vil gå i «krigen» for klubben i sitt hjarte

Når Rolf Daniel Vikstøl går ut på Sør Arena søndag kveld får han ein av fotballdraumane sine oppfylt.

Rolf Daniel Vikstøl før seriestart

27-åringen går nemleg først ut ut på bana av Start-spelarane som lagets kaptein.

– Det er stort for meg å vere kaptein. Det gler eg meg veldig til. Det er stort for ein kar frå Kristiansand som har vore Start-supportar heile livet å få lov til å bære kapteinsbindet, seier Vikstøl til NRK.

Rolf Daniel Vikstøl, Start

Rolf Daniel Vikstøl måtte forlate bana på grunn av skade i den første kvalifiseringskampen mot Jerv i fjor haust.

Foto: Hans Erik Weiby/NRK

Vikstøl var kaptein for Start i den første kvalifiseringskampen mot Jerv i fjor.

Men han hinka av bana i første omgang etter at han fekk ein smell i ankelen.

Lovar å gå i «krigen»

No får han tillit av trenar Steinar Pedersen frå start.

– Ein god kaptein er ein person som tek ekstra ansvar, som går først i krigen og prøver å få med seg dei andre gutta. Eg trur det skal gå fint. Eg likar å «trøkke» til og gå tøft til i duellane. Det skal eg gjere, seier han.

Vikstøl har fått kallenamnet «Røde Rolf» på grunn av sin tøffe spelestil. Denne sesongen håpar han på å sleppe nedrykkstrid.

– Det hadde vore godt med ein sesong der vi kan senke skuldrene litt og sikte høgare på tabellen, seier han.

Kvar einaste kamp er tøff. Uansett kven du møter blir det tøft. Det er berre å jobbe og stå på. Dersom vi jobbar for kvarandre kan mykje skjer, seier Vikstøl.

Vil underhalde

Start-kapteinen trur også at supportarane vil få sjå fin fotball på Sør Arena.

– Eg trur vi er meir spelande enn før. Vi har trent mykje på spelestil i oppkøyringa. Steinar er ein trenar som likar at vi byggjer opp spelet bakifrå og at vi kontrollerer kampen mer enn vi har gjort før, seier Vikstøl.

– Vi skal prøve å få spele langs bakken, vere direkte og angripe med mykje folk når vi har sjans til det. Vi ynskjer å vere eit lag som spelar underhaldande fotball, seier han.

Steinar Pedersen og Sander Heggheim
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %