Hopp til innhold

Vikarane får skryt

Start-trenar Knut Tørum nøgd med Morten Hæstad, Jesper Mathisen og Knut Henry Haraldsen sin innsats i kampen mot Strømsgodset.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen fekk skryt av sjefen etter kampen.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Utover i kampen framstår dei meget mykje betre, meir kompakte og var med på å halde Godset skikkeleg frå livet, seier Start-sjefen til NRK.

– Må ta sjansane

Både Hunter Freeman (suspendert), Bård Borgersen (suspendert) og Clarence Goodson var ute i 2-2 kampen.

LES OGSÅ: Går dette bra?

– Det viktigaste er å stå på å ta sjansen ein får. Så er det opp til Knut (Tørum) å avgjere kva som er det beste til ei kvar tid, seier midtstoppar Knut Henry Haraldsen.

Godset tok leiinga etter berre ti minutt ved svensken Mattias Andersson. Knut Henry Haraldsen fekk ikkje klarert i Start-forsvaret, og Andersson klinka til på halvspretten frå cirka 25 meter.

Poengdeling

– Ved den første scoringa kjem det ein ball som sprett som eg vil bryte foran, men sprett over meg. Så er det Andersson som får eit godt treff. Fint mål, men den bør eg få fekk, seier Haraldsen.

Start utlikna etter 31 minutt ved Geir Ludvig Fevang, etter ein fin pasning frå Bernt Hulsker. Etter 58 minutt lurte Øyvind Storflor heile Start-forsvaret og sette ballen kontant bak keeper Kenneth Høie. Minutt tidlegare hadde Espen Børufsen fått annullert ei scoring for dei gule og svarte. Men etter 65 minutt fekk Espen Børufsen sin revansj. Han plukka ballen opp på 14 meter og skaut ballen i det lengste hjørnet. Det vart det ikkje fleire mål, og dermed vart det poengdeling på Sør Arena.

– Etter ein litt klønene start hevar dei seg, og bidreg til at vi dominerer andre omgang. Vi burde endt opp med tre poeng, seier Tørum.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %