NRK Meny
Normal

Væpna politi arresterte 20-åring

Politiet bar våpen då ein 20-åring i Lindesnes vart pågripen fredag føremiddag.

Ifølgje operasjonsleiar i Agder politidistrikt, Per Kristian Klausen, bar politiet våpen på grunn av at dei hadde fått opplysningar om at mannen hadde våpen i huset sitt.

20-åringen vart arrestert utan dramatikk og er send til arresten i Kristiansand.

– Han sit i arresten no og skal avhøyrast. Så må vi sjå om han skal fengslast eller ikkje etterkvart, seier Klausen til NRK.

Politiet fann våpen i huset til mannen.

Bakgrunnen for arrestasjonen var brot på besøksforbod.