NRK Meny
Normal

Væpna aksjon mot leilegheit etter knivstikking

Politiet i Kristiansand gjekk til væpna aksjon mot ei leilegheit etter knivstikking. Politiet jaktar to personar etter episoden.

Væpna aksjon i Kristiansand

Væpna politi før dei tok seg inn i leilegheita.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Knivstikking i Kristiansand

Politiet ved staden der mannen vart knivstukke.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Knivstikking i Kristiansand

Politiet har brukt hund i søket etter dei to personane.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ein mann i 60-åra ligg på sjukehus, men er ikkje livstrugande skada etter å ha blitt knivstukke i eit portrom i Kristiansand sentrum like etter klokka 22 fredag kveld.

– Det har vore ein valdsepisode der det mellom anna har vore brukt ein kniv, seier politiførstebetjent Frank Salvesen til NRK.

Er på sporet

Ved midtnatt gjekk væpna politi til aksjon mot ei leilegheit like ved staden der mannen vart knivstukke tidlegare på kvelden.

Kring 40 minutt seinare kom politiet ut igjen frå leilegheitsbygget som ligg i sentrum av byen.

– Vi har vore på sporet av dei to, og dei kan ha tilhald her. Det er årsaka til at vi gjekk inn i leilegheita. Vi leitar framleis og kjem til å gjere det utover natta, seier politiførstebetjent Frank Salvesen til NRK.

Brukte politihund

Det er vitne til valdsepisoden som har fortalt politiet at dei såg to personar springe frå staden. Politiet kjenner ikkje identiteten til dei to.

Politiet har også nytta hund i jakta på dei to personane.

Krimteknikarar frå politiet har undersøkt staden der mannen i 60-åra vart knivstukke.

Væpna politiaksjon i Kristiansand

Politiet utanfor leilegheita dei tok seg inn i seint fredag kveld.

Foto: Sander Heggheim/NRK