NRK Meny
Normal

Uvisst kvar barneavdelinga skal kutte

Det kan ta tid å finne ut om stillingane som skal kuttast ved barneavdelinga i Sørlandet sykehus skal takast ned i Arendal eller Kristiansand.

Barneavdelingen Sørlandet sykehus Arendal

Det er ikkje klart om barneavdelinga kuttar fem stillingar i Kristiansand eller Arendal.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Måndag ettermiddag skal styringsgruppa møtast for å drøfte kutta som allereie er vedteke.

Nina Hope Iversen

Klinikksjef Nina Hope Iversen.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Det er bestemt at det skal leggast ned fem døgnplassar. I tillegg skal minst fem stillingar fjernast.

– Vi er eit stykke unna å konkludere med kvar stillingane vert teke ned, seier klinikksjef Nina Hope Iversen til NRK.

Ho reknar ikkje med at det blir klart kvar det blir ei nedbemanning før seinare denne månaden.

Det betyr altså at det framleis ikkje er klart om dei fem stillingane vert fjerna i Arendal, Kristiansand eller om kutta vert fordelt på begge sjukehusa.

På måndagens møte skal tillitsvalde og brukarrepresentantar samlast.

– Vi vil gjennomgå status og legge ein plan for det vidare arbeidet. Eg reknar ikkje med ei avgjerd i dag utover det som allereie er avgjort, og det er at vi skal kutte, seier Hope Iversen.