Hopp til innhold

Undersøker dødsulykke

Arbeidstilsynet har fredag ettermiddag undersøkt staden og snakka med kollegaene til 18-åringen frå Lillesand mista livet i ei arbeidsulykke.

Ulykke krimtekniker lillesand

Krimteknikarar frå politiet har undersøkt staden der 18-åringen omkom. Det same har Arbeidstilsynet.

Foto: Morten Rosenving / NRK

Mannen fekk ein truck over seg og døydde på staden.

– Vi har vore på staden og har samla inn informasjon om kva som har skjedd, seier Alf Helgeland i Arbeidstilsynet til NRK.

Det var like før klokka 10 fredag føremiddag at politiet vart varsla om ulykka. 18-åringen var i ferd med å løfte last av ein tilhengar då trucken han sat i velta.

– Vi har snakka med kollegaer av han som var i nærleiken. Meir kan vi førebels ikkje seie om det som har skjedd, seier Helgeland.

Han seier at Arbeidstilsynet førebels ikkje har konkludert med kva som førte til ulykka.

Også krimteknikarar frå politiet har undersøkt staden.

Kriseteamet i Lillesand er kopla inn etter dødsulykka.

– Vi har forsøkt å skaffe oversikt over kven som er berørt og vil tilby bistand til dei som er berørte, seier Hilde Enoksen i kriseteamet.

Ifølgje politiet skal arbeidskollegaer av 18-åringen ha forsøkt å få han laus. Då lege kom til staden vart han erklært død.

Lensmann i Lillesand Kjetil Nygård.

VIDEO: Sjå intervju med lensmann i Lillesand Kjetil Nygård.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %