UD bekymra for Kongo-fangar

Utanriksdepartementet er uroa for sikkerheita til Tjostolv Moland og Joshua French, og har sendt ein representant til fengselet der dei sit.

Ambassadør Jon Vea seier til Agderposten at situasjonen er spent i Kongo, og at mykje kan skje.

Den siste veka har vore prega av opptøyar i landet.

Norske styresmakter har tidlegare sagt at det neppe blir ny framdrift i saka for dei to før etter valet i landet den 28. november.