Hopp til innhold

Tigerungane slapp ut for første gang - her går det gale

Dei tre tigerungane i Dyreparken i Kristiansand har vore ute i dagslys for første gang. Det vart smådramatisk.

Sjå video frå tigerungane sin første tur ut.

Litt usikre og forsiktige tok dei seg ut i for første gang.

Det vart bratt læringskurve for den eine tigerungen som våga seg ut på isen inne på tigerområdet.

Ungen gjekk rett gjennom, men klarte greitt å komme seg til land igjen.

– Dei må lære

– Vi hadde hakka vekk isen rundt land i tilfelle dei datt gjennom, slik at det skulle vere greitt å komme seg til land. Dei har jo ikkje bada før. Tigrar er glade i vatn, men dei må jo lære dette, seier dyrepassar Even Grønnerø.

Dei tre tigerungane kom til verda i september i fjor. Totalt vart det fødd fem ungar, men to av dei døydde.

To hannar og ei ho klarte seg fint og fekk dryge fire månader seinare oppleve frisk luft for første gang.

Les også Fem tigerunger født i Dyreparken

Skjermdump av dyreparken i Kristiansands livestream

Skal vennast til å vere ute

No veg dei tre tigerungane nesten 20 kilo.

– Dette er noko vi har gleda oss veldig til. Vi har lagt ut litt kjøt rundt omkring i området, slik at dei kan få seg litt godt å ete, seier dyrepassaren.

Sjølv om tigrar toler kulde godt, skal dei vennast gradvis til å vere ute i litt kaldare temperatur.

– I Sibir er dei jo ute i 30-40 minusgrader. Vi skal nok ikkje halde dei ute i mange timar i strekk i starten. Vi må venne dei gradvis til den kalde lufta. Men dei har ikkje problem med å vere ute no, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %