Hopp til innhold

Syklar frå pipe til pipe

Det går fort i svingane når Ronny Risnes er på jobb. Han gjer som feiarane gjorde før i tida, han tråkkar seg til neste huseigar.

Det går fort i svingane når Ronny Risnes er på jobb. Han gjer som feiarane gjorde før i tida, han trakkar seg til neste huseigar.

– Eg har aldri treft sånn ein mann!

Det seier Gunda Skådande i Kristiansand etter at pipefeiar Ronny Risnes har gjort seg ferdig med dagens arbeid. Han er nemleg ikkje som alle andre moderne feiarar.

Risnes hadde slite ut knea av å stige inn og ut av bilen etter korte køyreturar. Difor bytta han i fjor feiarbilen ut med ein el-sykkel.

– Folk blir så glade når eg kjem syklande. Dei litt eldre hugsar feiarane frå byane, då dei sykla rundt eller kom på moped. Det skapar nostalgi og ikkje minst noko å snakke om som ikkje berre er fag, seier Risnes.

Feiaryrket er eit sosialt yrke, og ofte vert han invitert på kaffi etter arbeidet. Astrid Rossland diskar opp med påfyll for den syklande feiaren.

– Det var godt det brødet, det må eg seie altså! Men eg kan ikkje ete for mykje, då kjem eg meg ikkje opp på taket, ler Risnes.

Syklende feier

Innimellom slaga får feiar Ronny Risnes tid til ei matpause, her med Astrid Rossland.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Han byrja med å sykle frå pipe til pipe grunna helsegevinsten.

– Det er fine vegar når du har el-sykkel, det er ikkje tungt.

Når alle pipene på ruta er unnagjort, står eit avkjølande bad på planen for den utradisjonelle feiaren.

– Dette er verdt all sveittinga i heile dag! seier Risnes før han hoppar uti vatnet.

Sjå reportasjen med den utradisjonelle feiaren i toppen av saka.

Sykkelfeieren
Foto: Håkon Eliassen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %