Hopp til innhold

Stort informasjonsbehov om svindel: – Lett å utnytte

Avdeling for antihvitvask i Sparebanken Sør opplever at frykta for å bli svindla er stor blant kundane. Men bodskapen banken kjem med er ganske enkelt.

Bank id svindel

Svindlerne finn stadig smartare måtar å lure folk på.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Svindlerne finn stadig smartare måtar å lure folk på.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Vi har veldig stor tillit i samfunnet vårt, som gjer det mykje lettare å utnytte institusjonane våre.

Det seier avdelingsleiar for antihvitvask i Sparebanken Sør Nina Merethe Olsen.

I desse tider reiser ho rundt til kontora til banken på Sørlandet for å orientere kundar om svindel og økonomisk kriminalitet, og korleis verne seg mot det.

Til no har dei gjennomført 15 kundeforedrag. Fellesnemnaren ved møta er at informasjonsbehovet er enormt.

– Det er stor uvisse på desse samlingane om korleis ein skal ta omsyn til dette, kor farleg det er og korleis ein skal verne seg.

Éin ting meiner Olsen må inn i ryggmergen til folk, og bodskapen er ikkje så komplisert.

Les også Ble svindlet for 700.000 kroner på telefonen – omfanget øker

En 78 år gammel dame fra Arendal ble lurt trill rundt på telefonen og svindlet for 800.000 kroner. Datteren Irene Pedersen sier de forteller historien for å advare andre.

Spelar på frykt

Svindlarane vil oppsøkje deg på ulikt vis, seier Olsen. Anten om det er gjennom ein e-post, tekstmelding, annonsar på sosiale medium eller over telefon.

Denne typen svindel speler ofte på frykt og hastverk.

Det er aldri farleg å ta telefonen, men kva du gjer etterpå kan vere avgjerande.

Hovudbodskapen banken kjem med på kundemøta er rett og slett å aldri oppgi kodar, kortinformasjon, passord eller BankID til nokon.

– Du kan til dømes få eit varsel om inkassokrav frå Kredinor om å betale 40 kroner. Du tenkjer du berre vil bli ferdig med dette og gjere noko med det. Då er skaden skjedd når du oppgir informasjon.

Les også Kunder svindlet fra bankens eget telefonnummer: – Simpelt gjort

Eivind

Noreg er eit digitalisert samfunn der svindelnettverka har stort handlingsrom. I Sparebanken Sør har dei sett ein vanvitig stor auke i beløp som går ut frå kundars kontoar.

Derfor har dei no tiltak som å mellom anna avgrense straksbetalingar, slik at pengane dine ikkje forsvinn til utlandet omgåande.

– Då kan vi springe etter dei når skaden først er skjedd, seier Olsen.

Antihvitvask-tiltak i bank

I e-post-innboksen vil nok slike meldingar hamne i innboksen til mange frå tid til anna.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Tettar gapet

Sidan 2019 har tilsette i avdelinga for antihvitvask i Sparebanken Sør gått frå to til rundt 20 personar.

Olsen seier det er for å ta tak i eit samfunnsproblem.

– Konsekvensane av økonomisk kriminalitet er mange.

Sparebanken Sør Nina Merethe Olsen

Nina Merethe Olsen er leder for antihvitvask i Sparebanken Sør.

Foto: Kjell Inge Søreide / Sparebanken Sør

Mellom anna risikerer ein konkurransevriding, feil skatteinntekter til staten og eit svekt velferdssamfunn.

Antihvitvask er eit lovpålagt ansvar som bankane tek på alvor, stadfestar ho.

Og kappløpet for å ta igjen svindlarane har vorte tettare, sjølv om svindlarane stadig er eit steg framfor.

– Vi haltar nok litt etter, men på mange vis er det gjort mange gode tiltak i bankane no. Vi er derfor i ferd med å ta igjen og i alle fall krype innpå svindlarane, seier Olsen.

Les også Politi og banker ruster opp mot nettsvindel: – Et gigantisk bankran

Svindel Telenor.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %