Hopp til innhold

Stal fem snøfresarar

Frekke tjuvar har stole 5-6 snøfresarar frå ein forhandlar på Kvavik i Lyngdal i løpet av jula.

Innbrot i Lyngdal

INNBROT: 5-6 snøfresarar er borte frå utstillingsteltet til Traktor AS.

Foto: Privat

– No vert iallefall vareteljinga litt lettare, seier dagleg leiar ved Traktor AS i Lyngdal, Asbjørn Hauan til NRK.no.

Hauan prøvar å vere positiv trass i at verdiar for rundt 150 000 kroner er borte frå traktorforretninga.

Politiet undersøkjer

Innbrot i Lyngdal

Tjuvane klipte over hengelåsen inn til utstillingsteltet.

Foto: Privat

Tjuvane klipte av ein hengelås og tok seg inn i eit utstillingstelt der snøfresarane stod.

– Det er få spor å sjå etter dei. Politiet vil undersøkje staden i løpet av føremiddagen, seier han.

Hauan har drive butikken i 20 år. Det er 15 år sidan han har vore utsett for eit så alvorleg innbrot.

– Utruleg kjedeleg

– Dette er jo store maskiner så dei må nok ha hatt med seg eit par tilhengarar for å få dei med seg. Det er utruleg kjedeleg å komme på jobb å sjå slikt, seier han.

– Det har komme mykje snø i det siste, så det er nok nokon som har hatt bruk for hjelp til snørydding. No håpar eg politiet finn ut av dette, seier han.

Innbrot i Lyngdal

Tjuvane tok seg inn i teltet til høgre.

Foto: Privat

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %