Hopp til innhold

Stadig fleire vil føde i vatn

Vassfødsel har blitt særs populært ved sjukehuset i Kristiansand.

Nyfødt barn

Vassfødsel vert meir og meir populært på Sørlandet.

Foto: Colourbox

– Babyen ligg i vatn i magen og vi ser at det er veldig riktig å komme ut i vatn. Når forholda ligg til rette for det er det ei veldig fin oppleving, seier einingsleiar ved føden i Kristiansand, Hilde Løland Lunde til NRK.

– Det er ei veldig roleg og avslappa stemning i rommet, legg ho til.

– God smertelindring

I 2011 innførte sjukehuset tilbodet om å føde i vatn. Fleire av jordmødrene var skeptiske, men no er dei heiltent på vassfødsel heile gjengen.

– Det vi ser er at kvinna slappar veldig godt av. Det er god smertelindring, samstundes som det er ergonomisk godt for kroppen, seier Løland Lunde.

– Du kan bevege deg litt friare i eit badekar enn i ei seng, seier ho.

I fjor valde 76 kvinner å føde barnet sitt i vatn. Fagutviklingsjordmor Berit Lunden Hustad meiner at dette er det aller beste for barnet.

– Barnet er veldig roleg. Dei har meir normale og naturlege instinkt i behald. Dei søkjer etter mor sin pupp og det er ein mykje rolegare overgang, seier ho.

Stor etterspurnad

– Dei er vande med å liggje i vatn og vande med å ha det mørkt. Dei kjem gradvis opp og rett opp til mor, seier Lunde Hustad.

No trur ho at stadig fleire vil velje å føde i vatn.

– Det har vore stor etterspurnad og det har hendt at badekaret er oppteke. Så vi skulle gjerne hatt fleire fødestuer med badekar, seier ho.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %