Hopp til innhold

Slik kan Sørlandet bli ramma av streik

Partane er framleis ikkje einige i oppgjeret i staten. I kommuneoppgjeret vart partane einige etter at skissa frå riksmeklaren vart godtatt. Her er oversikt over kven som kan bli tekne ut i streik.

Riksmekler Nils Dalseide

Riksmeklar Nils Dalseide utanfor Riksmeklaren sitt kontor under meklingen i offentleg sektor søndag kveld.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det er førebels inga avklaring i tariffoppgjeret for offentleg tilsette.

– Uklarheit knytt til både beløp og ordlyd i avtaleskissa som riksmeklaren la fram, gjer at alle organisasjonane ber om ei runde til før dei kan svare på om dei vil gå for skissa eller ikkje, seier UNIO-leiar Anders Folkestad til NRK.

Politi og UiA

I politiet på Agder kan 126 bli tekne ut i streik dersom partane ikkje blir einige. I tillegg bli nesten heile staben i Utrykningspolitiet på Agder bli tekne ut. I Skatt Sør kan over 30 bli tekne ut i streik.

Ved Universitetet i Agder kan over hundre bli tekne ut i streik. For første gang kan også prestar bli tekne ut i streik.

Tilsette i kommunane på Sørlandet kan også bli tekne ut i streik. Dette gjeld i første omgang Kristiansand og Arendal.

30 000 kan streike

Riksmeklar Nils Dalseide har framleis tru på at det blir ei løysing i meklinga i statsoppgjeret og held difor fram meklinga utover i morgontimane.

Her er det førebels ikkje lagt fram noko skisse og partane har ikkje noko skriftleg å forholde seg til.

Totalt er 30 000 klare til å gå ut i streik over heile landet dersom det ikkje blir ei løysing. Over 10 000 av desse er tilsett i statleg sektor.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %