Hopp til innhold

Skrekkfluge drap sauer

Ein turgåar trudde det var rovdyr som hadde teke livet av to sauer i Lyngdal. No viser det seg at flugelarver tok livet av sauene.

Sau drept av spyfluge

Alf Frøitland fann to daude sauer då han gjekk tur tysdag. Her er ein av dei.

Foto: Siw Eline Holmen/Lister24

– Eg tenkte med ein gang at det var ulv. Men eg har ikkje greie på det. Det kan vere gaupe eller ein hund på avvege, seier Alf Frøitland til Lister24.

Det var han som fann to daude sauer då han gjekk tur tysdag morgon. Turgåaren konkluderte som han gjorde på grunn av store skader på sauene.

Etter at Statens naturoppsyn har undersøkt dyra viser det seg at det var spyfluger som var syndaren. Truleg har dyra hatt store smerter.

– Pinefull død

– Det er ikkje uvanleg at spyfluga kan setje seg i ulla på sau og føre til markangrep. Men sauen har lidd ein pinefull død, seier seniorrådgjevar i Norsk Sau og Geit, Arne Flatebø til NRK.

Organisasjonen har ikkje tal på kor mange sauer som døyr etter flugeangrep kvart år. Sauene er spesielt utsett når det er mykje fukt i lufta, som det har vore den siste tida.

Kommuneveterinær Olav Ropstad er også godt kjend med fluga og lidinga den kan påføre dyra.

– Fluga legg egg i små sår og rifter og kjem inn under skinnet på sauen. I store mengde kan det føre til ein pinefull død om ein ikkje får stoppa det og gitt behandling, seier Ropstad.

Samla saueflokken

Resten av saueflokken er no samla saman for å kartlegge om det er fleire dyr som er råka av flugeangrep.

– Det er eit veldig korrekt tiltak for å sjå om andre kan ha det. Då kan ein setje i gang med behandling og førebyggande behandling på dei andre.

I tillegg til å angripe små sår eller rifter, kan den også komme inn i kroppen gjennom endetarmsopninga.

– Har ein god helse på dyra er ein mindre utsett. Ein bør unngå problem med fordøying som fører til laus mage. Det vil gjere faren større. Då kan fluga legge egg i endetarmsopninga og larver kjem seg inn i kroppen, seier Flatebø i Norsk Sau og Geit.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %