NRK Meny
Normal

Feriesenter skal ta imot 260 flyktningar

Det er klart at det skal opnast eit akutt flyktningmottak på Skottevik feriesenter i Lillesand. 260 flyktningar skal bu på feriesenteret.

Asylsøkere i Lillesand

Skottevik feriesenter i Lillesand skal ta imot 260 flyktningar neste veke.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

– UDI ringde meg i føremiddag og informerte om at det vert opna eit akuttmottak på Skottevik kommande veke, seier ordførar i Lillesand, Arne Thomassen til NRK.

Arne Thomassen

Arne Thomassen er ordførar i Lillesand.

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Tormod Stavenes, UDI

Tormod Stavenes er regiondirektør i UDI.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

NRK fortalde i går at mottaket kunne bli opna raskt.

Ordføraren ventar at halvparten av dei 260 flyktningane kjem allereie tysdag.

– Resten kjem mot slutten av veka, seier ordføraren.

Må skaffe hundre nye plassar kvar dag

Ifølgje ordføraren skal flyktningane vere på feriesenteret i maks fire månader.

Fredag orienterte UDI alle ordførarane i landsdelen om flyktningsituasjonen. Der sa regiondirektør i UDI, Tormod Stavenes at dei må skaffe hundre nye akuttplassar kvar einaste dag fram mot jul.

– Dette er ei kjempestor utfordring. Førebels har vi klart det og vi har klart oss ut neste veke, seier Stavenes til NRK.

Regiondirektøren appellerte til at ordførarane må vise kriseforståing og hjelpe til i ein særs krevjande situasjon.

– Det er ein kritisk situasjon som er veldig utfordrande. Det er vanskeleg å få det til. Heile den nasjonale infrastrukturen blir sett under press, seier han.

– Ein håplaus situasjon

Lillesandordføraren trur dei fleste er innstillt på å bidra.

– Det er gode erfaringar med slike mottak tidlegare, og dei som driv det er veldig profesjonelle. Vi er midt oppe i ein håplaus situasjon der vi alle må vere med på bidra, seier han.

Fungerande fylkesmann Knut Berg sa fredag at han ikkje vil kalle flyktningsituasjonen ei krise.

– Vi skal vere forsiktige med å bruke krisebegrepet. Men vi er i ein unntaktstilstand. Heile forvaltningssystemet er sett under eit stort press. Utifrå dei ressursane og organisasjonen vi har å byggje på no vert det handtert på best mogleg måte. Men det er ikkje optimalt og vi har mange utfordringar, sa han.

Knut Berg

Knut Berg er fungerande fylkesmann i Aust-Agder.

Foto: Svein Sundsdal / NRK