Hopp til innhold

Julius har blitt pappa igjen

Ein sjimpanseunge har komme til verda i Kristiansand Dyrepark. Det er kjendissjimpansen Julius som er faren.

Sjimpansen Jane fødde ein unge i Kristiansand Dyrepark måndag.

– Det er veldig gøy at Jane har fått unge. Ein slik fødsel verkar positivt på heile flokken. Det kjem til å skje mykje gøy framover no som dei får ein liten unge å stelle med. Det står bra til med både Jane og den vesle ungen, seier biolog Helene Axelsen.

Førebels er det uklart kva kjønn den nyfødde har.

– Jane held ungen tett inntil seg og passar godt på, så det har ikkje vore mogleg å sjå, seier ho.

Sjimpansen Julius

Sjimpansen Julius har blitt pappa igjen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Overraska

Dyrepassarane seier dei lenge har visst at Jane var drektig, og at Julius er faren.

– Vi trudde ikkje at Jane var så langt på veg som ho tydelegvis var. Difor kom fødselen litt overraskande på oss, seier Axelsen.

Julius er far til tre ungar frå før.

To av dei lever i dag. Yr på ti år og Julius Junior på 18 år. Det er Jane som er mor til begge.

Nyfødt sjimpanse-baby. Julius pappa

Her er den nyfødte i mamma Janes fang.

Foto: Anne Wirsching / NRK

Truga art

Sjimpansar er ein truga art. Julius kan bli særs viktig for arten. For tre år sidan vart Julius gentesta og resultata overraska.

Det viste seg at Julius er reinrasa vestafrikansk sjimpanse.

No håpar dyreparken at dei kan vere med på å skape ein ny generasjon med vestafrikanske sjimpansar.

Sjimpansane i dyreparken er ein del av eit internasjonalt bevaringsprogram i verdas dyreparkar.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %