Normal

Sjå skadelista som uroar ØIF-leiren

Berre tre dagar før seriestart mot Stord har ØIF Arendal ni spelarar på skadelista. No skal treningsopplegget i klubben granskast.

Skader i ØIF Arendal

Kenny Ekman (f.v.), Sondre Paulsen, David Svenningsen, Einar Ingi Hrafnsson og David Rui slit alle med skader før seriestart.

Foto: NRK

– Alle skadane gjer meg uroleg før seriestart. Det stressar meg litt å sjå kven som blir klar til onsdagens seriepremiere, seier ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic.

Foto: Liv Eva Welhaven Løchen/NRK
Per Carsten Michelsen

Sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Foto: Leif Dalen / NRK

Førre sesong vann ØIF Arendal både serie og cup. Men i sluttspelet var det takk og farvel i kvartfinalen.

Dermed vart det ein rekordtidleg start på oppkøyringa. Klubben har trena meir og hardare enn nokon gong.

Skal analysere treningsarbeidet

– Vi skal setje oss ned og gjere ei grundig analyse av opplegget vi har vore gjennom. Vi må sjå om vi kan endre på noko slik at vi unngår dette i framtida. Det er ikkje ideelt med seriestart berre få dagar unna, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Strekkskadar går att hos fleire spelarar.

– Det kan vere tilfeldig. Vi trur det er fleire ting, men vi må lære av dette og sørge for at vi ikkje stiller oss i denne situasjonen igjen, seier Michelsen.

Den regjerande seriemeisteren har framleis ikkje sleppt opp på treninga for å spisse forma inn mot seriestart.

Årsaka til det er at klubben skal ut i kvalifisering til europacupen i oktober.

ØIF Arendal i treningsturnering

ØIF Arendal er med i ei treningsturnering denne helga. Her set Magnus Jøndal ballen i mål mot Follo. ØIF vann kampen 21–18. Tidlegare på dagen slo dei Bodø 25–21.

Foto: ØIF Arendal

Toppar forma til europacupkvalifisering

Denne helga er ØIF med i ei treningsturnering i Follo. Det betyr mange kampar på få dagar. Det kan bety tunge bein i seriepremieren på heimebane onsdag.

– Det er ein plan vi har. Vi veit vi vil ha litt tyngre bein, men eg er ikkje uroa for det. Så lenge attityden er der, så kjem vi til å gjere det bra. Vi skal vere best når kvalifiseringa til europacupen startar, seier Kurtovic.

– Dette er ikkje ideelt med tanke på seriestart og vi kjem nok litt tregare i gong enn i fjor. Men europacupen er noko vi satsar tøft på og vi vel difor å køyre på med meir kamptrening, seier Michelsen.

Her er skadelista:

  • Josip Vidovic: Fekk ei lilletå ut av ledd i ein treningskamp fredag. Spelte likevel kamp i helga og er truleg klar til seriestart.
  • David Svenningsen: Slit med ein strekkskade, men rekk truleg seriestart. Var ute nesten heile fjorårssesongen på grunn av korsbandskade.
  • Lars Jakobsen: Den nyinnkjøpte bakspelaren slit med ein strekkskade, men kan rekke seriestart.
  • Robert Markotic: Har fått strekk. Er truleg med i kamptroppen mot Stord. Supporterane samla inn pengar i vår for å hente høgrebacken til Arendal.
  • Einar Ingi Hrafnsson: Mista heile fjorårssesongen på grunn av ei skulderskade. Er ikkje hundre prosent klar.
  • Sondre Paulsen: Pådrog seg ei alvorleg skade i brystmuskelen under ei styrkeøkt i sommar. Rekk ikkje seriestart.
  • Sander Simonsen: Slit med beinhinnebetennelse, men er truleg med i troppen mot Stord onsdag.
  • David Rui: Slit med ein strekkskade. Usikker til seriestart.
  • Kenny Ekman: Pådrog seg ein kneskade på treningssamling i sommar. Rekk ikkje seriestart.