Hopp til innhold

Ein person omkom i trafikkulykke

Ein mann omkom etter å ha site fastklemd etter ei trafikkulykke på gamle E18 ved Søndeled i Risør.

Ulykke ved Søndeled

Ein 44 år gammel mann omkom i ulykka i morgontimane mandag. Alle nødetatar rykte ut til staden då meldinga om ulykka kom.

Foto: Thorvald Knudsen

Dødsulykke Risør

To bilar og to personar var involvert i ulykka.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Ulykka skjedde på fylkesveg 418 ved 6.40-tida måndag morgon. Kring ein time seinare stadfesta politiet at ein person omkom.

To bilar var involvert i ulykka.

Ein bil skal ha fått skrens på bilen og deretter køyrt inn i sida på ein annan bil, opplyser politiet. Den omkomne sat fastklemd i bilen i kort tid før han vart frigjort.

– Det var ein person i kvar bil, seier operasjonsleiar i Agder-politiet Eyvind Formoe til NRK.

Den andre personen skal ikkje vere alvorleg skada.

Både politi, brannmannskap og ambulanse er på ulykkesstaden.

Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent. Politiet har sett i gang etterforsking.

En mann omkom i en ulykke på gamle E18 ved Søndeled i Risør.

Sjå intervju med politistasjonssjef i Risør Odd Holum.

Søndeled

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %