Hopp til innhold

Rømte frå krigen - no har han mista alt igjen

Qasem Ali Jamali (24) rømte frå krigen i Afghanistan for åtte år sidan. I brannen i Kristiansand torsdag mista han igjen alt han eigde.

Qasem Ali Jamali

Qasem Ali Jamali er bekymra for framtida etter at han mista alt han eigde i brannen i Tollbodgata i Kristiansand torsdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg veldig er bekymra for framtida. Eg veit ikkje kva som skjer. Eg er veldig redd, seier Jamali.

Brann i Tollbodgata i Kristiansand

Jamali budde i første etasje i bygget som brann i Tollbodgata.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

I 2009 kom han til Norge som flyktning utan nokon som helst. No står han på bar bakke igjen. Utan familie eller nokon å støtte seg til.

24-åringen er ein av 15 personar som vart huslause i brannen i Tollbodgata i Kristiansand torsdag.

– I løpet av dei åtte åra eg har vore her har eg samla klede, fått meg kamera og ein PC. No har eg mista alt.

Flammane stod ut vindauget

Jamali vakna av brannalarmen, men reagerte ikkje. Han trudde det var falsk alarm. Først då ein nabo dundra på døra og ropte at han måtte komme seg ut forstod han alvoret.

– Få sekund etter at kom meg ut døra stod flammane ut av eitt av vindauga.

Marina Amiri (20) budde i tredje etasje i bygningen. Heller ikkje ho forstod alvoret då brannalarmen gjekk.

Ho gjekk og la seg igjen, etter at ein nabo hadde forsøkt å vekke ho. Det var først då ho kjende røyklukt ho forstod at ho måtte ut.

Men 20-åringen kom seg ikkje ned, på grunn av flammane. Saman med ein nabo tok ho seg ut på taket.

Omkransa av røyk kom redningsstigen til brannvesenet plutseleg til syne. Dei to vart heisa trygt ned på bakken utan alvorlege skader.

– Det verste er å miste ting eg har fått frå andre, familie og vener. Det er noko eg aldri får igjen.

Qasem Ali Jamali og Marina Amiri

Qasem Ali Jamali og Marina Amiri ved bygget som brann torsdag. Jamali budde i første etasje, medan Amiri budde i tredje etasje.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Hadde ikkje forsikring

Ingen av dei to hadde forsikring. Dei seier dei ikkje visste at det var noko dei burde ha. Amiri la difor ut eit innlegg på Facebook, der ho spurt om folk hadde sko, klede og mat til overs. Responsen har vore massiv.

– Eg trudde ikkje folk kunne vere så snille. Eg har fått meldingar og kort frå ukjende. Nokre har vipsa meg pengar, og andre har stilt opp med klede og mat, fortel 20-åringen som var usikker på om ho burde legge ut ei slik melding.

– Eg tenkte det var veldig flaut og at eg ville bli sett ned på. Men så har eg fått så god hjelp, så då er det verd det, seier Amiri, som også har delt med dei andre som har mista eigedelane sine.

Ordførar i Kristiansand, Harald Furre, forsikrar om at kommunen vil hjelpe alle med å finne ein ny bustad.

Brannårsaka er framleis ikkje kjend, men politiet opplyste før helga at dei ikkje har grunn til å tru at branner er påsett.

Hjemløs etter brann

NRK møtte Qasem Ali Jamali kort tid etter brannen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %