Hopp til innhold

Rettssak etter koffertdrap i august

Rettssaka etter drapet på Lene Sand (36) i Berlin startar 25. august. Mandalskvinna vart funne drepen i ein koffert.

Lene Sand

Lene Sand (36) vart funne drepen i ein koffert i Berlin i fjor. I august startar rettssaka.

Foto: Privat/Joachim Jørgensen

– Vi er veldig glade for at rettssaka no er fastsett, seier bistandsadvokat Patrick Lundevall-Unger til NRK.

Rettssaka skal i utgangspunktet gå over fem veker.

Patrick Lundevall-Unger

Patrick Lundevall-Unger er bistandsadvokat for familien til Lene Sand, som vart drepen i Berlin i fjor.

Foto: Privat

Det vil bli to dagar i retten kvar veke. Rettssaka kan også bli utvida til fleire veker etter kvart.

– Vil reinvaske seg sjølv

To menn sit på tiltalebenken når rettssaka startar i Berlin i august.

Ein chilensk mann er tiltalt for forsettleg drap, medan ein kamerat er tiltalt for å hjelpt til med å frakte 36-åringen bort i ein koffert.

Ifølgje advokaten har ikkje nokon av dei to tiltalte sagt noko om skuldspørsmålet til no.

– Medtiltalte har sagt at han vil uttale seg i rettssaka for å reinvaske seg sjølv, seier Lundevall-Unger.

Familien reiser til Tyskland

Familien til den drepne 36-åringen skal vere til stades i rettssalen.

Der vil dei få moglegheit til å stille spørsmål til dei to mennene.

Bistandsadvokaten har tidlegare sagt at drapet har vore ei enorm belasting for familien til kvinna.

– Eg ber igjen om at familien får vere i fred, seier han.

Vart funne av eldre ektepar

Det var 13. juni i fjor at Lene Sand vart funne død i ein koffert. Eit eldre ektepar fann kofferten som flaut på ei elv i Berlin.

Den antekne gjerningsmannen, ein 39 år gammal chilensk mann, rømde frå Tyskland. I august i fjor vart han pågripen i Mexico. I mars vart mannen utlevert frå Mexico til Tyskland.

I juni i år vart det også teke ut tiltale mot ein ny mann. Politiet mistenker at han var vitne til drapet. Han er tiltalt for å ha skjult spor og hjelpe til med å dumpe liket i elva Spree.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %