Hopp til innhold

Silje (20) vil gjerne sleppe å be «daten» lese menyen

Silje har droppa restaurantbesøk fordi ho synest det er flautt å få menyen opplese. Det kan det bli slutt på no.

Silje Solvang

Silje Solvang synest menyar med punktskrift er eit viktig satsingsområde. Ho er styreleiar i Noregs blindeforbunds ungdom region sør. Her er ho med hunden sin Aro.

– Når eg skal på date får eg aldri lese menyane sjølv. Det er flautt å ikkje kunne gjere det når du er 20 år, seier Silje Solvang.

Styreleiaren i Noregs Blindeforbunds Ungdom er sterkt svaksynt. For henne og andre synshemma er det ein gjengangar at dei unngår restaurantbesøk fordi dei ikkje kan lese menyen sjølv.

No har Noregs Blindeforbund Aust-Agder teke initiativ til eit pilotprosjekt som kan endre på dette.

Silje Solvang.

Silje Solvang er synshemma og fortel at ho synest det er flautt å måtte be andre lese menyen for seg.

Foto: Privat

Rosar initiativet

Dei har fått med seg fleire restaurantar på Sørlandet til å tilby eigne menyar med punktskrift.

Solvang rosar initiativet.

– Draumen min er at menyar med punktskrift blir sjølvsagt i heile landet!

Restauranten Hos Oss, som også driv fiskeutsal i Lillesand, er med på prosjektet.

– Blinde og svaksynte skal få bestilt mat hos oss utan å ha med nokon som må lese for dei, seier fiskehandlar Eli Aslaksen.

Blindeskrift på meny.

Fiskehandlar Eli Aslaksen på restauranten Hos Oss i Lillesand held opp den nye menyen for blinde og svaksynte.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Må rope ut menyen

Ute i restauranten sit Beathe Beckstrøm Holte, dagleg leiar i Blindeforbundet i Aust-Agder.

Det var ho som fekk ideen. Ho har ein mann som er blind og veit kvar skoen klemmer.

– Eg må ofte rope ut menyen til han. Det er verken gøy viss det er mykje støy i lokalet eller veldig stille. Å kunne lese sjølv er veldig viktig.

Fylkeslaget sende ut førespurnader til alle restaurantane i Aust-Agder heilt opp til Setesdal. Mange er positive.

Fleire restaurantar i Arendal skal òg innføre punktmenyar, fortel Holte.

Blinde.

Brit Ingvild og Arnt Beckstrøm Holte synest det var fint å kunne bestille mat utan at nokon måtte lese menyen for dei.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Bestiller «alltid» kjøttkaker

Arnt Beckstrøm Holte synest det er heilt topp å sjølv kunne finne ut kva matstaden tilbyr.

Når han studerer menyen med hendene, kan han komme fram til at han har lyst på ein liten porsjon fiskesuppe med dagens fisk og skaldyr.

– Det er ei veldig god kjensle. Du føler deg inkludert og likestilt. Det betyr veldig mykje, seier han.

Kona legg til:

– Å kunne studere menyen sjølv og ikkje berre høyre at nokon ramsar den opp, handlar om verdigheit.

Brit Ingvild Fredriksen sit òg rundt bordet og kjem med følgjande beskrivande setning:

– Du endar opp med å bestille kjøttkaker i brun saus for det er det du hugsar, sjølv om det ikkje er det du eigentleg har lyst på!

Punktskrift

No kan blinde og svaksynte gjester ved fleire restaurantar i Agder sjølv finne ut kva som er på menyen.

Vil spreie det til heile landet

Blindeforbundet sentralt rosar initiativet frå Agder og håpar fleire restaurantar vil la seg inspirere.

– Vi vil at dette skal komme på plass flest mogleg stader. Aller helst bør det bli eit krav gjennom lovverket. Ein langsiktig strategi er at dette er noko alle må ha, seier Sverre Fuglerud, leiar av interessepolitisk avdeling.

Han fortel at dei har prøvd å få på plass prosjektmidlar slik at restaurantar kan få menyar for blinde og svaksynte utan ekstra kostnader.

– Vi har ikkje lukkast med det enno, men jobbar med saka.

Sverre Fuglerud i Blindeforbundet.

Sverre Fuglerud i Blindeforbundet les sjølv punktskrift og seier menyar med dette er viktige for at blinde skal få ei god restaurantoppleving.

Foto: Tom-Egil Jensen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %