Hopp til innhold

Rana kiosk med våpen - stakk av til fots

Ein kiosk er rana i Lyngdal sentrum. Ranaren stakk av til fots, ifølgje politiet.

Ran i Lyngdal

Ein kiosk i sentrum av Lyngdal vart rana torsdag morgon.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

– Ein person har vore inne i kiosken og har vist fram eit våpen. Kva for våpen vil eg ikkje gå i detalj på no. Han truga til seg eit pengebeløp og forlet kiosken, seier operasjonsleiar Knut Odde i Agder-politiet.

Mannen, som politiet meiner er ein mann, var delvis maskert under ranet.

– Ran, spesielt der det er nytta våpen, ser politiet særs alvorleg på. Det er ei ganske stor påkjenning å bli utsett for slikt, seier Odde.

Ran Lyngdal
Foto: Alexandra Indseth Langegard, Lister24

Leitar etter ranaren

Politiet opplyser at ingen personar skal ha komme fysisk til skade. Dei er på staden og sikrar spor. Dei leitar også etter ranaren.

– I utgangspunktet leitar vi i nærområdet. Utifrå opplysningar taktisk etterforsking gir, så endrar søket seg, seier han.

– I utgangspunktet ser vi ikkje på dette som ein person som kan vere fare for andre med mindre han blir trengt opp i eit hjørne. I utgangspunktet ser vi ikkje grunn til å åtvare folk i Lyngdal, seier han.

Ber folk ta kontakt

Politiet ber folk som kan ha opplysningar om å ta kontakt.

– Ranaren er iført mørkt tøy og mørke sko og skal ha forlete staden til fot, opplyser politiets operasjonssentral.

Dette er det tredje ranet på kort tid på Sørlandet. 11. januar vart ein daglegvarebutikk rana i Sørlandsparken. To tenåringar vart seinare pågripne.

I desember vart ein bensinstasjon rana i Lillesand. Seinare vart ein mann pågripen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %