Hopp til innhold

Optimismen tilbake i Tigerberget: To supporterbussar til Hønefoss

I sommar måtte Start sin supporterklubb Tigerberget avlyse tur til bortekampen mot Vålerenga på grunn av for få påmelde. Til søndagens kamp mot Hønefoss er det sett opp to bussar og supporterklubben håpar på over 100 gulkledde på tribunen.

Tigerberget

Tigerberget vert godt representert på Aka Arena søndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det var ikkje det lurast vi har gjort, å avlyse den turen. Nokre gonger kan det lønne seg å betale meir enn det smakar, seier pressetalsmann i Tigerberget Torgrim Rygnestad til NRK.

Til borteoppgjeret mot Vålerenga var det berre 11 påmelde på bussturen frå Sørlandet. Som kjent slo Start Vålerenga 3–1 på Ullevaal.

Tidlegare i sesongen var det berre 25 påmelde til oppgjeret mot Viking.

Mot Hønefoss søndag er interessa langt større. Rygnestad meiner at optimismen er tilbake etter utklassinga av Sandnes Ulf for to veker sidan.

– Fekk trua tilbake

– Vi fekk trua tilbake. Audmjukinga av Sandnes Ulf viser at gutane kan. Vi spelte rett og slett ræva av dei, seier Rygnestad.

Det er sett opp supporterbuss både frå Kristiansand og Oslo til Hønefoss. Rygnestad har ikkje oversikt over kor mange som er påmelde, men interessa er stor.

– Bussane blir nok ikkje heilt fulle, men vi blir ein bra gjeng. Så veit vi at det er ein del som køyrer privat, så eg trur nok vi blir over hundre supporterar, seier han.

Rygnestad trur støtte frå eigne supporterar på bortebane kan gi livsviktige poeng i kampen om å overleve i eliteserien.

Trur på poeng

– Spelarane seier sjølv at dei yter ekstra med støtte frå tribunen. Dei får meir «guts» når dei vert pusha fram. Det er klart det har noko å seie, seier han.

Før kampen ligg Start på kvalifiseringsplass, to poeng føre Hønefoss på nedrykksplass. Hønefoss spelte uavgjort 1–1 borte mot Tromsø i førre serierunde, medan Start altså knuste Sandnes Ulf på Sør Arena 7–0.

– Det kjem til å bli ein tøff batalje. Vi må ha trua. Vi fekk eit fantastisk løft for 14 dagar sidan, seier Rygnestad.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %