Hopp til innhold

Oppretter samarbeid for å sikre eit reint og rikt hav

Fleire aktørar i Agder går no saman om å ta vare på havet utanfor Sørlandet.

Samarbeid om Skagerrak SOS

I prosjektet Saman om Skagerrak skal fleire ulike aktørar samarbeide for å få ein rein og rik kyst på Agder innan 2030.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi vil sikre ei framtid som framleis sikrar eit reint og rikt hav og eit Skagerrak som er sentralt for næringsgrunnlaget vårt, seier statsforvaltar i Agder Gina Lund.

Statsforvaltaren har teke initiativ til SOS – Saman om Skagerrak, der næringsliv, forsking og styresmakter skal arbeide for å få ein rein og rik kyst på Agder innan 2030.

Ifølgje Statsforvaltaren har Skagerak vorte endra mykje av klimaendringar og annan menneskeskapt påverknad.

Av alle havområda i Noreg, er det i Agder at endringane er størst.

Les også Krise for torsken på Sør- og Østlandet

Torsken er under sterkt press på Sørlandet.

Skagerak skal leve

Satsinga skal leggje til rette for berekraftige løysingar for kystforvaltning i Agder.

Det skal lagast eit sett med kart, verkemiddel og tiltak som sikrar økologisk, sosial og økonomisk berekraftig forvaltning av Agder sine sjøområde.

– Det er viktig at aktørane tek det kunnskapsgrunnlaget som vi legg til rette for, og bruker det fornuftig, seier Jan Atle Knutsen, forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet.

Fiskerinæringa er også invitert inn i samarbeidet.

– Vi er jo alltid litt skeptiske til vern som vil påverke aktiviteten vår i havet, men vi vil også ta vare på havet og ha eit friskt og godt hav som vi kan hauste av i lang tid, seier Lennart Danielsen, nestleiar i Sør-Noregs Fiskarlag.

Lennart Danielsen i Fiskerlaget Sør

Lennart Danielsen i Sør-Noregs Fiskarlag vil ha eit friskt og rikt hav.

Foto: Fiskarlaget

Heiar på slike initiativ

SOS-skagerak vil etablere eit forslag som viser korleis vi kan bevare 30 prosent av sjøområda og restaurere 30 prosent av degradert marin natur.

– Erfaringa mi er at det er så mykje kraft i naturen, at dette sikkert går bra, seier Jan Atle Knutsen, forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet.

Denne veka vart konseptet lansert med ein båttur i Lindesnes. Der deltok også klima- og miljøvernministeren.

– Vi skal støtte aktivt om dette. Vi heiar på slike initiativ, seier klima- og miljøvernminister Espen Barth Eide.

Les også Norsk oppfinnelse hindrer båter i å synke: – Kan redde liv

Antisink

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %