– Dette er ein festdag. Vi har venta lenge på dette. No har vi omsider komme dit at alle har flytta inn og alt fungerer som det skal, seier Rune Vårdal Paulsen, dagleg leiar for 110 Agder IKS.
Saman med ein representant frå dei to andre nødetatane, politi og helse, står dei framfor det splitter nye politihuset i Kristiansand.
Denne veka flytta nemleg alle nødmeldingssentralane inn i dette bygget.
Det betyr at viss du ringjer 110, 112 eller 113 i Agder vil nokon innanfor veggene her svare.
– Tilbodet vil bli betre enn tidlegare no som alle er samla på ein stad, seier Vårdal Paulsen.
Etter planen skal alt stå heilt ferdig i det nye politihuset i løpet av nokre veker.
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRKTrur folk vil merke forskjell
Fram til no har nødmeldingssentralane vore spreidde i Arendal, Kristiansand og Lillesand.
Målet med flyttinga er at dei tre nødetatane kan samarbeide betre om å gi deg best mogleg hjelp når du treng det.
– Vi ser på det som veldig viktig at vi no endeleg er samla. Får vi inn meldingar om alvorlege hendingar kan vi enklare sikre ein rask og rett respons, seier Sverre Birkeland, seksjonsleiar for operasjonssentralen i Agder politidistrikt.
Seksjonsleiar Birkeland gler seg til å jobbe i det nye politihuset framover.
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRKDei tre sentralane har framleis sjølvstendige kontor, men no ligg dei vegg i vegg.
– Håpet er at innbyggjarane i Agder vil merke ein forskjell, og at vi sørgjer for å vere raskt på plass når folk treng hjelp, seier Birkeland.
Dei tre nødmeldingssentralane får alle nødsamtalar i Agder og koordinerer dei operative ressursane.
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRKTredje av sitt slag
– Nærleik til kvarandre gir ein betre og meir effektiv beredskap, spesielt ved dei store hendingane kor tett samarbeid er viktig, seier politimeisteren i Agder, Kjerstin Askholt.
Samlokaliseringa av nødetatane i Kristiansand er den tredje av sitt slag. Tilsvarande sentralar finst allereie i Bodø og Kirkenes.
Den nye politistasjonen i Kristiansand ligg i Vestre Strandgate.
Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK– Frå politiets side er vi glade for endeleg å ha komme saman med brann og helse i nye og moderne felles lokale. Vi gler oss til å vidareutvikle samarbeidet med dei to andre etatane, seier politimeisteren.