No går ØIF Arendal for medalje

Handballklubben ØIF Arendal siktar mot sin beste sesong nokosinne i splitter ny hall.

Leif Gautestad

OPTIMIST: Leif Gautestad instruerer spelarane på trening. Søndag opnar laget eliteseriesesongen mot Viking heime i Sør Amfi.

Foto: Thomas Grønvold/NRK

– Vi skal vere med å kjempe om medaljar. Eg trur vi er eitt av laga som har moglegheit til å klare det, seier trenar Leif Gautestad til NRK.no.

Søndag opnar laget eliteserien med å ta imot Viking i Sør Amfi. Etter ein skuffande 6. plass i fjor, meiner trenaren at laget er rusta til å sikte mot medalje i år.

Større spelarstall

Andre Jørgensen Hofstøl

PROFIL: André Jørgensen Hofstøl er ein av dei viktigaste spelarane på ØIF Arendal.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi følte at vi klarte å utvikle ein del spelarar til å bli gode nok for eliteserien i fjor. I tillegg har vi supplert med unge talentfulle spelarar, som vi håpar kan ta steget opp. Breidda er større i år enn i fjor, seier trenaren.

Etter opprykket i 2009 har det blitt to 4.-plassar og altså 6. plass i fjor. Etter opprykket har klubben henta heim Svenn Erik Medhus og André Jørgensen Hofstøl frå utlandet.

I tillegg har fleire dei unge talenta utvikla seg til å bli profilar på laget. Blant andre Sondre Paulsen og kaptein Eirik Heia Pedersen.

Paulsen har allereie fått ei rekkje kampar på landslaget. Gautestad meiner det er eit tidsspørsmål før også Heia Pedersen blir utteken.

– Best i eliteserien

– Han er eliteseriens beste spelar i det defensive arbeidet. Eg trur du skal leite godt for å finne ein spelar som er betre på å hindre kontringar, seier trenaren.

Det solide spelet førre sesong gjorde at spelargruppa sjølv valde Heia Pedersen som kaptein føre årets sesong.

– Det viser at eg får tillit frå spelarane. Det blir ei stor utfordring, så det blir spennande. Eg tykkjer det er gøy, men det kjem nok til å bli tøft, seier 23-åringen.

– Kjenner du ekstra ansvar i år?

– Kapteinen er jo spelaren som skal føre når det buttar imot. Det er viktig å ikkje henge med hovudet og grave seg ned, for det smittar ofte over på dei andre, seier han.

Eirik Heia Pedersen

KAPTEIN: Eirik Heia Pedersen er ny kaptein denne sesongen.

Foto: Thomas Grønvold/NRK

Vil ha fulle tribunartribunartribuner

Heia Pedersen håpar på fulle tribunar i serieopninga. Det betyr over 2000 tilskodarar i Sør Amfi. I serieopninga skal laget vise at dei er ein medaljekandidat.

– Eg har veldig tru på at det blir medalje. Tek vi Viking og Haslum i dei to første kampane, trur eg at hallen vert fylt opp. Det er viktig å henge med frå starten, seier Heia Pedersen.