Hopp til innhold

Meiner befaring vil reinvaske prest

I dag skal retten på befaring der tidlegare sogneprest i Valle og Bykle hamna i grøfta etter at nokon skal ha kutta bremsene på bilen hans. Forsvararen meiner befaringa vil vise at presten snakkar sant.

Sveinung Søndervik Johnsen og Arne Skare

OPTIMIST: Forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen (t.v) er optimist på klienten, Arne Skare, sine vegne før dagens befaring på riksveg 9, der han køyrde av vegen i juni i fjor. Den tidlegare sognepresten hevdar at nokon har kutta bremsene på bilen hans.

Foto: Odd Rømteland/NRK

– Eg trur befaringa vil vise at det går greit å køyre strekninga utan å bruke bremser, seier forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.no.

LES OGSÅ: Valle-presten nekta straffeskuld
LES OGSÅ: Dømt for falsk forklaring

Ankesaka mot presten er no i gang. I vinter vart Arne Skare dømd til 30 dagar i fengsel, med ei prøvetid på to år, for falske anmeldelsar og falsk forklaring. Han vart også dømd til å betale ei ubetinga bot på 25 000 kroner.

Ingen nye bevis

I fjor hevda Skare at nokon hadde plassert ein kniv, gjennom eit bilete av han sjølv, gjennom nakkestøtta på bilen hans. I juni påstod han at nokon hadde kutta bremsene på bilen hans, noko som førte til at han køyrde av vegen.

Det er sistnemnde episode retten i dag skal rekonstruere.

– Eg er alltid optimist på min klient sine vegne, seier forsvararen.

Befaring preste-saka

BEFARING: Retten var på befaring også i februar. Snø gjorde det vanskeleg å gjenskape ulykka. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Også under rettssaka mot Skare i vinter var retten på befaring på riksveg 9 ved Rotemo, der presten køyrdei grøfta.

Det er ikkje lagt fram nokon nye bevis mot presten i saka.

LES OGSÅ: Valle-prest: – Har vore ei tøff tid
LES OGSÅ: Valle-prest hadde våpen i kofferten

Nye vurderingar

– Det er heilt nye vurderingar, så er det opp til lagmannsretten korleis dei vurderer bevisa som tidlegare er lagt fram seier, Søndervik Johnsen.

Arne Skare har heile tida stått på at han snakkar sant.

– Han vart dømt for å ha iscenesett heile greia sjølv. Noko han heile tida har vore fast bestemt på ikkje er riktig, har advokaten tidlegare sagt.

Ankesaka vert avslutta torsdag.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %