NRK Meny
Normal

Valle-prest må i fengsel

Høgsterett har forkasta anken frå lagmannsretten. Det betyr at dommen frå lagmannsretten på 30 dagars ubetinga fengsel for falske anmeldelsar vert ståande.

Sveinung Søndervik Johnsen og Arne Skare

DØMD: Den tidlegare Valle-presten, Arne Skare (t.h) er dømd til 30 dagars ubetinga fengsel. Til venstre forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Skare vart i tillegg dømd til å betale 10 000 kroner i sakskostnader. Det betyr i tillegg at Skare er ferdig som prest i Agder og Telemark bispedømme.

Får ikkje jobbe som prest

– Eg er kjend med avgjerda. Det er uaktuelt for Skare å komme tilbake til nokon prestestilling i Agder bispedømme, seier biskop i Agder og Telemark, Olav Skjevesland til fvn.no.

– Om han kan få ei prestestilling ein annan stad seinare, må vere ei sak mellom Skare og biskopen i det bispedømme han eventuelt søkjer jobb i, legg han til.

– Den norske kyrkje tek ikkje frå han ei prestestilling, men ein eventuell ny jobb vil ha noko med truverde å gjere, seier han.

Kutta bremseslangar

Skare er dømd for to falske anmeldelsar. Han skal ha kutta bremseslangane på bilen sin, slik at han køyrde av vegen. I tillegg skal den tidlegare Valle-presten ha køyrt ein kniv gjennom eit bilete av seg sjølv i nakkestøtta på bilen sin.

– Skare er skuffa. Han har heile tida vore av den oppfatning av at dette er noko han ikkje har utført, seier forsvarar Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.no.

– Er det noko meir de kan gjere no?

Nye opplysningar

– No får vi sjå. Eg er i ferd med å undersøkje nokre opplysningar som eg har fått. Så får vi sjå om det er noko hald i desse opplysingane og om dei kan brukast til noko, seier han.

Skare reiste frå Valle i juni 2009. Årsaka var at han frykta for nye trugslar mot seg sjølv.