Hopp til innhold

Marcussen og Udelhoven usikre på framtida

Sjukjempar Ida Marcussen og trenar Lukas Udelhoven er usikre på om dei går på ein ny sesong etter at både OL og EM rauk.

Marcussen

Ida Marcussen har vore med i alle EM, VM og OL sidan 2007. I år må ho følgje både EM og OL på tv.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det heng saman med økonomi og korleis vi kan finne motivasjonen som trengs. Det er ikkje noko barnemat. Det er mykje trening, innsats og ein del reising, seier trenar Udelhoven til NRK.

Sjukjemparen frå Kristiansand har vore med på samtlege EM, VM og OL sidan 2007.

Lukas Udelhoven

Lukas Udelhoven har vore Marcussen sin trenar i over ti år.

Denne sesongen står ho med 5530 poeng som sitt beste resultat. Det er langt unna både EM-kravet (5900) og OL-kravet (6200).

Vurderer nedtrapping eller å gi seg

Etter at sørlendingen sette norsk rekord med 6226 poeng under VM i Osaka i 2007 har pila peika nedover. Dei to siste sesongane har ho ikkje klart å komme over 6000 poeng.

– Vi har tre-fire konkurransar til denne sesongen. Så skal vi setje oss ned saman og planlegge vidare, seier Udelhoven.

Marcussen har tidlegare i år sagt at ho ikkje vil snakke med mediene. NRK har ikkje lukkast å komme i kontakt med henne torsdag.

Ifølgje trenaren er det tre alternativ for neste sesong. Anten halde fram satsinga, trappe ned eller legge opp.

– Ei nedtrapping vil innebere å satse på enkeltøvingar, forklarar Udelhoven.

– Då er det lengde og spyd som peikar seg ut. Då kan vi også trappe ned treningsmengdene. Sjukamp krev mest trening, psyke og belasting. Ei eller to øvingar blir mindre krevjande både tidsmessig og økonomisk, seier han.

Må truleg jobbe ved sidan av

Det siste vil vere heilt avgjerande for kva duoen vel å gjere, ifølgje trenaren. Han trur også at begge må jobbe ved sidan av idrettssatsinga.

– Motivasjon er ein ting. For å satse fullt og trene i fire-fem timar kvar dag må du ha ei viss støtte. Blir det mindre og du må jobbe ved sidan av, det vil komme no, då må vi trappe ned, seier han.

– Ida må finne ut kva ho vil. Eg skal først og fremst høyre på kva ho meiner og komme med mine tankar, seier Udelhoven.

Ida Marcussen og Lukas Udelhoven

Marcussen og Udelhoven i samtale under OL i Beijing.

Foto: Markku Ulander / NTB scanpix
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %