NRK Meny
Normal

Kan ha blitt drepen då han forsøkte å stoppe slåstkamp

Politiet undersøkjer no om 50-åringen som vart drepen i Valle i går vart drepen då han forsøkte å stoppe ein slåstkamp.

Helge Dahle

Helge Dahle (innfelt) vart drepen i partyteltet på bilete. Dahle var på ein privat fest i Valle.

Foto: NTB Scanpix - Valle Radio

– Det er ein del av dei opplysningane vi held på å sjekke ut no, men noko bastant svar på det kan eg ikkje gje no, seier politiadvokat Terje Kaddeberg-Skaar til NRK.

50 år gamle Helge Dahle vart drepen av fire knivstikk på ein privat fest i Valle natt til i går.

38-åring sikta

Ein 38 år gammal mann frå Grimstad er sikta for forsettleg drap. Mannen vart i ettermiddag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Han er i tillegg ilagt to veker med medieforbod.

– Det grunnar vi med at det er tidleg i etterforskinga. Det er teke vitneavhøyr av dei relevante vitna på staden ein gang. Dei skal gjennom oppfølgingsavhøyr utover veka, seier politiadvokaten.

Det skal ha oppstått eit basketak i forkant av drapet. Politiet undersøker no altså om Helge Dahle kan ha blitt drepen då han prøvde å stoppe slåstkampen. Politiet vil førebels ikkje ut med detaljar kring hendelsesforløpet.

– Vi har ei formeining om kva som har skjedd, men som sagt er vi tidleg i etterforskinga og vitne skal avhøyrast på nytt, seier Kaddeberg-Skaar.

Terje Kaddeberg-Skaar og Svein Kjetil Stallemo

Politietadvokat Terje Kaddeberg-Skaar og forsvarar Svein Kjetil Stallemo i tingretten måndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Sikta vil samarbeide

Den sikta 38-åringen sin forsvarar, Svein Kjetil Stallemo, seier at 38-åringen vil samarbeide med politiet.

Mannen har erkjent dei faktiske forhold og vil komme tilbake til spørsmålet om straffeskuld.

I politiavhøyr har han sagt at han var på staden der drapet skjedde, men at han ikkje hugsar detaljar om kva som skjedde.

– Han har forklart seg ein gang til politiet og det har han også vist til i rettsmøtet i dag. Så må han bruke tida som kjem, denne etterforskingsfasen vi går inn i, til å bidra med sine opplysningar. Han har uttrykt at han vil samarbeide med politiet, seier Stallemo.

Den vesle bygda Valle, med under 1300 innbyggjarar er i sjokk etter drapet. Det er første gang i moderne tid at eit drap skjer i kommunen.

Fylkesordførar i Aust-Agder Bjørgulv Sverdrup Lund var sjølv ein nær ven av den drepne.

Bjørgulv Sverdrup Lund

Fylkesordførar i Aust-Agder Bjørgulv Sverdrup Lund var sjølv ein nør ven av den drepne.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Dagen i går, då eg fekk bodskapen, var ein av mine tyngste dagar. Eg har vore heilt tom i hovudet og har hatt problem med å setje meg inn i den vanlege verda ett, seier han.

– Det er utruleg tungt å tenkje på korleis hans aller næraste har det i denne situasjonen. For dei har det sjølvsagt verst, seier fylkesordføraren.

– Ein kulturinstitusjon i seg sjølv

50 år gamle Helge Dahle vert omtala som ein velkjend og godt likt person i Valle.

Han var aktiv i bygda sitt kultur- og idrettsliv. I tillegg var han medarbeidar i lokalradioen.

– For Valle var han ikkje berre ein enkelt innbyggjar. Han var faktisk ein kulturinstitusjon i seg sjølv. Han kunne underhalde i einkvar samanheng, fortel Sverdrup Lund.

– Han kunne vere på jakt i ei veke og fortelje historier, parodiere og vere medmenneske. Det som var fantastisk med Helge sin humor, var at det var noko alle kunne le av med og ikkje av. Det var fantastisk, seier han.