Hopp til innhold

Mann slått ned i Lillesand

Politiet måtte ta hand om rusa personar, slåstkampar og ruteknusing natt til søndag. Her er politiloggen.

04.26 Lillesand: Ein mann skal ha blitt slått ned ved rutebilstasjonen i Lillesand. Mannen skal ikkje vere alvorleg skada opplyser politiet. Gjerningsmannen var borte då politiet kom til staden.

03.28 Kristiansand: To personar vart melde for vald og trugslar mot politiet. Politiet rykte ut etter melding om amper stemning på ein fest i Vågsbygd.

04.26 Arendal: Ein person er pågripen etter å ha knust vindauga i ein parkert bil.

03.13 Arendal: Ein rusa person sette seg inn i baksetet på ein bil. Personen nekta å forlate bilen og vart til slutt pågripen av politiet.

03.21 Arendal: Ein person vart sett i arresten etter at han nekta å følgje ordre frå politiet.

02.46 Kristiansand: Politiet fekk melding om bråk og slåsting i Vestre Strandgate. To personar vart viste bort frå staden. Ein av dei er meld.

01.43 Kristiansand: Politiet rykte ut etter melding om ein brann i ein taxi ved Gimlevang. Det viste seg til slutt å vere ei falsk melding. Ein person er meld for falsk brannmelding.

01.05 Kristiansand: Ein overstadig rusa person vart teke hand om av politiet. Personen vart sett i arresten.

00.25 Mandal: Politiet kom over ein bil som var meldt stole. Ein person vart arrestert ved bilen.

00.20 Kristiansand: Politiet tok hand om ein person som var rusa og bråkete i sentrum. Personen er også mistenkt for bruk av narkotika.

23.56 Tvedestrand: Politiet måtte dempe ein fest etter naboklager.

23.56 Grimstad: Politiet beslagla førarkortet til ein bilførar. Føraren er mistenkt for køyring i rusa tilstand.

22.24 Arendal: Ei kvinne truga med å hoppe i sjøen. Politiet tok hand om kvinna.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %