Hopp til innhold

Mange laga bråk i natt

Politiet hadde mykje å gjere natt til søndag. Her er politiloggen.

Politi

Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjon: Colourbox.com

03.20 Søgne: Ein person er mistenkt for ruskøyring og køyring utan førarkort etter eit trafikkuhell på E39 i Trybakken. Ein bil køyrde ut av vegen. Føraren er uskadd, ifølgje politiet.

02.54 Arendal: To personar som laga bråk nekta å forlate eit gatekjøkken i sentrum. Politiet viste dei bort frå staden.

02.40 Kristiansand: Ein ung mann vart sett i arresten etter at han skal ha slått ei kvinne. Saka er meld.

02.38 Kristiansand: Ein bilførar er pågripen mistenkt for ruskøyring. Føraren vart stansa i sentrum.

02.25 Arendal: Ein person vart vist bort frå sentrum resten av natta etter å ha laga bråk på ein utestad.

02.16 Kristiansand: To rusa personar vart vist bort frå sentrum etter å ha laga bråk på ein utestad.

02.01 Lillesand: Ein person som skal ha oppført seg kranglete og trugande på ein utestad vart vist bort frå sentrum.

01.36 Farsund: Ein rusa og bråkete festivaldeltakar i Vanse vart vist bort av politiet.

01.31 Kristiansand: To personar vart sett i arresten etter eit slagsmål ved ein utestad i sentrum.

01.19 Kristiansand: Ein mann som skal ha laga bråk og oppført seg kranglete vart vist bort frå sentrum. Seinare trefte politiet den same mannen i sentrum. Då vart han sett i arresten og meld for ikkje å ha følgje pålegg om å forlate sentrum.

00.30 Arendal: Ein bil vart stoppa ved Strømmen. Føraren er mistenkt for køyring i rusa tilstand. Eigaren av bilen var passasjer, ifølgje politiet. Eigaren er meld for å ha overlate bilen til ein rusa person.

00.17 Kristiansand: Ein person vart vist bort frå sentrum i 24 timar etter å ha laga bråk ved ein utestad.

00.12 Farsund: Ein mann vart vist bort frå eit festivalområde i Vanse etter å ha laga bråk.

23.30 Arendal: Ein ung mann vart pågripen etter å ha knust eit vindauge på eit hus. Ifølgje politiet var mannen rusa og hissig.

23.24 Kristiansand: Ein bilførar er mistenkt for ruskøyring etter å ha blitt stoppa ved Kjos.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %