Hopp til innhold

Jobbar for å finne svar etter dødsulykke

Det er framleis ubesvarte spørsmål etter kranulykka i Kristiansand, der ein fem år gammal gut miste livet.

Kranbil på Karuss i Kristiansand

Krimteknikarar frå politiet sikra spor på åstaden tysdag ettermiddag.

Foto: Knut Knudsen Eigeland/NRK

– Vi veit framleis ikkje korleis krana har flytta seg bakover, seier etterforskingsleiar ved Vågsbygd politistasjon, Ole Segberg til NRK.

Kranbil på Karuss i Kristiansand

Kranbilen vart trekt opp frå staden tysdag ettermiddag etter tekniske undersøkingar på staden.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

5-åringen var på veg til barnehagen saman med mora og systera på tre år, då ulykka skjedde kring 100 meter frå barnehagen.

Guten hamna under mobilkrana, som anten kom sklidande eller rullande ned den islagde gang- og sykkelstien.

Både politiet, Arbeidstilsynet og Statens Havarikommisjon har tysdag gjort ei rekkje undersøkingar på ulykkesstaden ved Karuss barnehage i Kristiansand.

Ingen har så langt konkludert, etter det NRK kjenner til.

Blomster og lys ved Karuss barnehage

Det blir lagt ned blomster og lys på staden der ein fem år gammal gut omkom tysdag føremiddag.

Foto: Tom Nicolai Kolstad/NRK

Hevdar at den sklei

Dagleg leiar i Nordic Crane, Håvard Jahren, har snakka med dei to som jobba på den mobile krana. Dei var på veg til eit oppdrag på Karuss Skole og var på veg inn til anleggsplassen.

– Dei parkerte kranbilen på toppen av ein bakke for å synfare bakken, og for å sjå om det var glatt. Då dei snudde seg hadde køyretøyet byrja å skli nedover, seier han til NRK.

Dei to arbeidarane har over 40 års erfaring med kranarbeid til saman. Den eine skal ha kasta seg inn i bilen for å prøve å stoppe den, men lukkast ikkje.

Samstundes skal den andre ha gått bak bilen for å hindre at nokon skulle bli treft av den.

Han skal sjølv ha hamna under kranbilen då han skal ha kasta seg over søskenparet for å få dei vekk. Kranbilen stoppa til slutt i ein fjellvegg. Guten fekk så store skader at han døydde på sjukehus etterpå. Jenta og kranarbeidaren vart påført lettare fysiske skader.

Statens vegvesen måler friksjon ved Karuss barnehage

Statens vegvesen har mellom anna målt friksjon i bakken der ulykka skjedde.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Går gjennom rutinane sine

Nordic Crane går no gjennom sine arbeidsrutinar medan dei ventar på rapport frå politiet, Arbeidstilsynet og Statens Havarikommisjon.

– Så langt ser det ut til at vi har opptredt korrekt i samsvar med våre vurderingar, seier han.

Kranbilen er no flytta frå åstaden og skal undersøkast vidare dei neste dagane. Der vil blant anna bremser og handbrekk bli sjekka.

– Det vil ta tid å finne ut kva som førte til ulykka. Det står att mykje etterforsking. Det blir full teknisk gjennomgang av bilen, seier leiar for krimteknisk avdeling i Agder-politiet, Gunstein Kallhovd, som sjølv har undersøkt åstaden tysdag.

I tillegg til tekniske undersøkingar skal ei rekkje vitne avhøyrast. Både dei to arbeidarane på krana og mor til guten som omkom.

– Det står att ein god del arbeid. Vi må også kartlegge kven som har sett det som skjedde og avhøyre dei, seier Segberg.

Trafikkulykke Karuss Vågsbygd Kristiansand
Foto: Knut Knudsen Eigeland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %